Initiativtakar Ann Grete Gravvold saman med ein del av turfølgjet på Lykkjesetra

Hyttetur i nytt fjellutstyr

Tysdag var ein gjeng frå Surnadal vaksenopplæring på hyttetur til Seterhaugen på Lykkjefjellet. Terrenget var bratt og ulendt, så da var det godt å ha nye fjellsko sponsa av Intersport og Gjensidige.

Publisert

I sommarprogrammet til deltakarane på vaksenopplæringa skal dei blant anna lære om norsk kultur og tradisjonar, difor passa det bra å bli inviterte på hytta til Ann Grete Gravvold.

- Eg har vel lenge tenkt på om det er noko eg kan bidra med for at dei skal føle seg velkomne til bygda, seier Ann Grete. Så kom tanken om at det kunne vera artig å vise dei eit lite stykke norsk kultur, det å ha ei lita fjellhytte, og det med seterdrift frå tidlegare tider.

Aleou og Adnan var veldig fornøgde med dei nye fjellskoa sine
Foto: Nana

Ikkje alle hadde det turutstyret dei trong til ein slik tur. Det var difor veldig kjekt at Sparebank 1 Nordmøre sponsa med tursekkar og sitteunderlag, Sport 1 drikkeflasker, og Intersport og Gjensidige sponsa tursko.

-Alle var positive til å bidra, fortel Anne Grete.

Spreke turfolk ved Storvatnet Foto: Ann Grete Gravvold

Etter eit kaffelag på hytta gjekk turen vidare til Storvatnet. Sjølv om nokre av dei ikkje var så turvante, var stemninga og formen god.

- Min første, men definitivt ikkje siste fjelltur, var kommentaren frå ei som deltok på turen.

Magnus Nyheim, Mariseri Niyonsaba, Adnan Albakri, Trygve Roaldset og Alieu Badjie
Foto: Nana

.

Powered by Labrador CMS