Trollheimstankar

Lisa har vorte glad i friluftsliv etter at ho flytta heimatt til Surnadal, her frå ein tur til Blånebba. Foto: privat

- Det må vera rom for å gå eigne vegar

Hei, Lisa! Har du ein tekst eller eit dikt du vil dele med lesarane i Trollheimsporten?

Publisert Sist oppdatert

For ti år sidan fann Lisa Forslund ut at ho skulle gjera noko nytt i livet sitt. Etter mange år som frisør ville ho utdanne seg som lærar. For å få studiekompetanse måtte ho ta fag på vidaregåande og skrive ei fordjupingsoppgåve i norsk. Valet var lett, ho skulle skrive om Hans Hyldbakk.

Mellom og på linene

Lisa fekk god hjelp av Steinar Hasselø på biblioteket og las alt ho kom over om og av forfattaren. Ho var også på Kleiva og tok bilete. Dagen ho skulle ha munnleg framlegg var ho godt førebudd.

- Eg byrja å fortelje og var ved godt mot da læraren avbraut meg og sa «Stopp, stopp, dette høyrer eg kjem til å ta alt for lang tid.»

Litt forfjamsa og overraska over tilbakemeldinga bestemte Lisa seg for å snu på hælen og konsentrere seg for berre eit dikt av Hans Hyldbakk, «E slåttatæja».

- Line for line analyserte eg teksten i diktet, forklarte og drøfta. Eg fortalte kva eg trudde teksten handla om i Hans Hyldbakk sitt liv, og om kva teksten betydde i mitt.

Til slutt fekk dei ho til å synge songen, og det gjorde ho utan at ho har til vane å synge åt andre folk. Lisa fortel at det vart ei minnerik oppleving, og at ho fekk ein god karakter på oppgåva.

Å bli godteken

- Da eg skulle velje tekst til dette intervjuet var eg usikker på om eg skulle ta «E slåttatæja» eller ein songtekst av gruppa Karpe. Dei skriv tekstar med same tema, fortel Lisa.

Karpe er ei norsk rap-gruppe som består av to gutar med innvandrarbakgrunn.

Hans Hyldbakk og bestefaren til Lisa, Finn-Harry Bergmann Foto: privat

- Vi søkjer alle om å bli godtekne. Det er ei universell problemstilling. Hans Hyldbakk skreiv om dette teamet for hundre år sidan, Karpe skriv om det i dag, og om hundre år er det nokon andre som skriv om det same, seier Lisa og smiler.

Å vera annleis

Teksten har følgt Lisa sidan ho var ungdom. Det er den einaste teksten ho kan alle versa forutan.

- Eg har heldigvis aldri følt meg utanfor, men har alltid kjent ei interesse og dragning til dei som er annleis og som går sin eigen veg. Eg hadde min eigen stil, og fekk mest positive tilbakemeldingar på det. Å vera litt annleis har berre gjeve meg styrke og betre sjølvkjensle.

Foto: Lisa Forslund

- Alle treng ikkje følje den same oppskrifta. Det er så viktig at det finst rom for å gå sine eigne vegar, gjera feil og få nye sjansar.

Lisa arbeider på Bæverfjord skule og fortel kor viktig rolle lærarar har for at elevane skal kjenne at det er trygt å vera seg sjølv. At Bæverfjord skule er ein liten skule meiner ho berre er positivt med tanke på dette.

- I ei lita bygd og på ein liten skule kan ein ikkje alltid velje kven ein er saman med, verken på skulen eller fritida, seier Lisa. Eg ser korleis elevane aksepterer og tilpassar seg kvarandre sjølv om dei er forskjellige og har forskjellige interesser. Eg må innrømme at eg var litt skeptisk når eg først byrja å jobbe på skulen, for det var veldig framand for meg som sjølv hadde gått på Øye. Det finst sjølvsagt ulemper med små skular, men det er mest fordelar, seier Lisa.

Fasade

Lisa har tenkt mykje på livet til Hans Hyldbakk og kvifor han skreiv det han skreiv.

- Eg trur nok han hadde seg sjølv i tankane når han skreiv « E slåttatæja». Han var ikkje redd for å utsette seg sjølv for merksemd, og han kjente nok på at han ikkje passa inn. Han brydde seg ikkje om fasade. At han sett spørjeteikn ved verdien av fasade, er det som fasinerer meg mest med teksten.

Da Lisa flytta heimatt til Surnadal tenkte ho ein del på kva surndalingen tenkte om ho. Nokre kommentarar fekk ho til å tenkje på om livet ho levde og om fasaden var «bra nok». Eg fekk kjensla av at ein ikkje blir målt i kven ein er, men i kva ein produserer og kva fasade ein har.

Antifasadebilde. Lisa og mannen har kjøpt seg ei lita hytte på Nordmarka. Der trivst dei godt utan mange fasilitetar. Foto: privat.

- Heldigvis tok det ikkje lang tid før eg rista det av meg. Eg er trygg på kva eg står for og er lite oppteken av fasade, seier Lisa.

- Eg har aldri vore veldig oppteken av materielle ting. Hos oss er det rotete rundt veggane, eg køyrer ein liten rar el-bil og eg er stolt over å bruka slalåmstavane til bestefar Finn-Harry i slalåmbakken. Men det er vel kanskje ein fasade det og, ler Lisa, å ikkje bry seg om fasade. Ein eller annan fasade har vi vel alle.

Karma

Spørsmålet Hyldbakk stiller i teksten er kva denne fasaden har å seie når livet er ferdig. Vi lurar på kva Lisa tenkjer om dette.

- No er ikkje eg religiøs, så eg har ikkje tenkt så mykje på det, men eg likar tanken på karma, og tenkjer at det hadde vore bra om menneska hadde levd som om dei trur på karma, smiler Lisa.

- At det går deg godt om du gjer godt, er ein fin tanke. Likevel vil eg seie at det er alt for mange tragiske tilfelle på at det motsette til at eg kan tru på det. Det viktigaste er at alle kan kjenne at dei er bra nok, så får vi gjera så godt vi kan. Alle bør få kjenne på å vera «stronk og stakjinn», uansett status og fasade.

E slåttatæja

Du går så bratt ette allmannvæja,

å fint bli fare frå fotå din.

Meinn vi skal møtast e såmmå tæja,

Når haustkveldsdåjja e skåra skin.

_

Du trø e ståppå så stronk å strakjinn,

å stor e status, så stør kan bli.

Meinn e trødd framme å klædd me nakjinn

å tedd me tuppåt e aill mi ti.

_

Meinn når vi kjem innåt elvafara

å kar'n med jåa he kvesst si klo,

så ska du sjå at på kjerkjegara

der sett dem såt' tå åss båe to.

_

Å så æn mårgå ska såtåinn kastast,

da bli de spørsmål om vakkert ver.

Fær løinn skår lyt e sikkert lastast.

Meinn får du høytørk fær fager fer?

Hans Hyldbakk

Powered by Labrador CMS