Bøfjordhelga - dag 3:

Bacalaofest og tilbakeblikk
Bøfjordhelga 11.-13. juli går «tre dagar til ende» med eit tjuetal ulike arrangement. Og med to 30-årsjubilantar: Grendahuset og Historielaget.
Blåfjelløp og bacalao
Etter Blåfjelløpet, atelierbesøk og loppis søndag føremiddag er Sjøbruksmuseet arena for bacalaofest og tilbakeblikk på 30 års aktivitet i Bøfjorden Historielag.

Historielag vart stifta (på ei mannskorøving!) 22. januar 1995 med formål «å ta vare på og gjera levande» lokal tradisjon og historie. Laget opna straks Bøfjorden Sjøbruksmuseum og har der i 30 år hatt opne sommarsøndagar med kaffeservering, utstillingar og alltid eit kulturhistorisk Dagens Tema. Til no er det halde rundt 475 slike program. Snittbesøk på ca 50 må kallast stort i ei bygd med knapt 300 innbyggjarar.

Sjøfart og mykje anna
Temavalget har ofte med nordmørsk sjøfart å gjera – skipsbygging, skuter, frakt, fiske – og sjøfolk!. Dette har vore forsømte emne sjøl i kulturkommunen Surnadal. Samlinga på museet har mykje autentisk utstyr frå båtar og fartybygging. Historielaget fekk i 2009 bygd kyrkjebåten «Hjelmkonnå» etter modell frå 1800-talet.


Anna lokal kulturhistorie har også plass i samlingane og foredraga: Husflid, barneleikar, industri, handel, krigsminne, personportrett, lokalt språk, litteratur og naturopplevingar. Biletkåseri, foredrag og demo-innslag på søndagane hentar emne frå heile Nordmøre.
Årbok, dialekt og eventyr
Laget står bak aktiviteter og produkt på eit breitt kulturfelt. Årboka «Gamle Nordmør» har heile distriktet som stoffområde og lesarkrets. Her er mykje både ukjent og sentral kulturhistorie dokumentert. Alle utgåver (frå 2012 til no) er å få.

Dialektsamlinga «Teft og tykkje» kjem i stadig utvida opplag og inneheld no langt over 2000 ord og uttrykk frå nærområdet. Folkeminneheftet «På eventyrvis» har lokale eventyr, segner, rim og regler av stor underhaldningsverdi for komande slekter.
Terreng og fjordkultur
I heftet «Turar i Bøfjorden» bidreg laget med spennande informasjon om terrengnamn og tradisjon langs dei 26 merka rutene.
Historielaget har ofte arrangert kyrkjeroing, «Fjorddag» med guida turar og dramatisering av historiske hendingar – da gjerne i samarbeid med andre kulturaktørar.


På 17. mai kvart år deler laget ut den populære Trollbakkprisen til ein person eller ei gruppe som gjer særleg innsats for Bøfjorden og folket der.

Skule og foreiningar
Skulen er ein viktig samarbeidspartnar for å halde historia levande. Kvart år har laget historieopplegg for 9-klassingane i Surnadal. Lag og foreiningar av ymse slag besøkjer ofte Sjøbruksmuseet - med omvisning og informasjon.

Mannbjønn-historia
Ved alle slike besøk er den unike historia om Mannbjønnen eit høgdepunkt. Den handlar om udyret som for 250 år sia tok livet av fem menneske nettopp i området rundt Bøfjorden. I dette dramaet spelar også bjørneskyttaren Tølløv Foldal ei sentral rolle.
Bacalao og historieglimt
Laget avsluttar Bøfjordhelga 2025 med bacalao på museet. Det er middag som understrekar tradisjonen ein ønskjer å føre vidare: Den er laga av kleppfisk, skrei frå Lofoten – som i slofartens dagar vart frakta av seglskuter og skapte storliv på fiskeberga. Kokk (og styremedlem) Mayse Dønheim Hovde borgar for kvaliteten!
På lerretet blir det artige, dramatiske og ikkje minst informative glimt av dei som opp gjennom hundreåra skapte bygda som bøfjordingane feirar denne helga. Og viss du trur dette berre er reprise av gammalt stoff, lovar jubilanten at det kjem mykje du ikkje visste frå før!
ANNONSE:
