
Toppidrettsutøvar med klare ambisjonar
Magnus Øyen er i 2007 og kjem frå Rindal. Han går no på Strinda vidaregåande skule i Trondheim, på studiespesialisering, med spissa toppidrett delt over fire år for å få god tid til trening. Her er det friidrett – særleg løping – som gjeld, med mellom- og langdistansar som spesialfelt.
Magnus Øyen har imponert mange, både i og utanfor heimbygda med meget gode resultat på fridrettsbanen. Han har deltatt i stevner både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt og vore en særs god ambassadør for heimbygda.
– Er ikkje dette ein litt einsam sport for ein ungdom?
– Tja, vi konkurrerer individuelt, men vi er eit lag under treninga. På skulen er vi ein fin gjeng på 20 utøvarar som trenar saman. Det er eit godt nivå i gruppa, og sju-åtte av oss presterer godt på nasjonalt nivå.
– Når begynte du å springe?
– Eg dreiv med fotball og langrenn ei stund, og var litt med på klatring i Rindalshuset. Eg var ein aktiv skuleunge, og sykla mykje til og frå alle aktivitetar. Siste året på ungdomsskulen satsa eg berre på fotball. Eg vart med på kretssamling i Sør-Trøndelag, men på grunn av korona vart alt stengt ned. Likevel ville eg halde meg i form, så eg dreiv med eigentrening, og det innebar mykje løping – men den gongen gjorde eg det berre for å bli betre i fotball, serier han g held fram:
– Gamalonkelen min, Tor Jarle Bolme, inviterte meg med på nokre friidrettstreningar, og så vart det litt konkurransar – og så balla det berre på seg etter det. Etter korona vart det berre løping. Det viste seg at eg hadde litt talent, og det var jo utruleg morosamt å springe – så då slutta eg med fotball, ler Magnus.
Valgte mellomdistanse
Magnus driv no med mellomdistanseløping og er med på juniorlandslaget. Mellomdistanse omfatter løpedostanser løping frå 800 meter og opp til halvmaraton.
– For min del er det 800 meter til 10 km no, mest bane, litt gateløp på 5 og 10 km, og så terrengløp, med sesong på våren og hausten, seier Magnus.
– Og det går bra?
– I fjor haust kom eg på 4. plass i U20-klassen under EM i terrengløping, og eg er fornøgd med det !
Rekorden til Magnus på 10 km gateløp er 29.14, og for dei som er interesserte er det omtrent 21 km/t eller rett under 3
minutt per kilometer – med andre ord: raskt!
800 meter på 1.52 er heller ikkje
lett å forstå for nokon som jogger i eit vanleg tempo.
- No er det mykje framgang i treningsteknikkar, så nordmenn kan endeleg konkurrere mot dei som tradisjonelt har dominert sporten – særleg Kenya og Etiopia, der dei får naturleg høgdetrening sidan dei bur på over 2000 meter over havet, forklarar Magnus.
– Kva slags trening er det då?
– Masse løping, så klart. I vinterhalvåret er det mengdetrening som gjeld, for å byggje opp grunnleggande kondisjon, og så terskeltrening – der eg spring så fort eg kan rett opp mot det punktet der eg får mjølkesyre i musklane. Utover våren og sommaren blir det meir fokus på fart, og på å dra med meg all treninga frå vinteren og omforme det til gode resultat i konkurransar. Eg driv òg med styrketrening for å førebyggje skadar som løparar kan bli utsette for, seier Magnus.
– Sikter du deg inn på lengre løp etter kvart?
– Ja, eg trur eg kan klare eit godt resultat på halvmaraton. Eg har sprunge treningsløp på 20 til 25 km med jamn fart med ein puls på rundt 150, så det blir interessant å få prøve, svarer Magnus.
– Kva er favorittdistansen din ?
– Det er litt vanskeleg å seie, men alt mellom 1500 meter og 5000 meter. 800 meter blir litt for kort, og 10 km blir litt for langt – så ja, noko midt imellom likar eg godt, seier Magnus,

Prestasjonar
– Kva for resultat er du mest fornøgd med?
– Eg er mest fornøgd med ein 4. plass i U20-EM i terrengløp og ein sølvmedalje i U18-EM på 3000 meter under ungdoms-OL. Eg var med på U18-EM i år òg, men eg vart matforgifta. Eg sprang likevel, men det var eigentleg ingen vits – eg hadde ingen energi, seier Magnus.
Magnus kan vise til mange sterke resultat allereie no som junior. Her er nokre nøkkeltal frå World Athletics og Norges Friidrettsforbund sine nettsider:
- 800 m (utandørs): 1.52,64 – 17.08.24, Nittedalslekene 2024
- 1500 m (utandørs): 3.43,30 – 15.05.25, Greveskogen, Per Halle Invitational
- 1 mile (utandørs): 4.09 – 01.09.24, Berlin, 83rd Internationales Stadionfest
- 3000 m (innandørs): 7.55,54 – 02.02.25, Ranheim, 3000 m-stevne
- 3000 m (utandørs): 8,03.47 - 03.06.25, Fana, Trond Mohn Games
- 5000 m (utandørs): 13,54,56 – 02.07.25, Bislett, Boysen Memorial (tredje beste tiden oppnådd av en norsk 18-åring)
Sko-nerd!
– Har du mange par sko?
– Eg har cirka 12 par sko i bruk. Eg har konkurransesko som eg ikkje bruker til trening. Desse er raske sko med karbonplate i sålen, seier Magnus.
- I løpet av ei vanleg veke rullerer eg gjennom nesten alle skoa. Eg har forskjellige typar piggsko til ulike økter, intervallsko til mølle og eigne intervallsko til asfalt. Eg har òg eit par joggesko til asfalt og eit par til terreng. Ja, eg har mange sko – men eg er litt skonerd og likar å prøve ulike modellar, gjerne toppmodellar frå Nike, Hoka og Adidas.
Ski-VM i Trondheim
– Du jobba visst under ski-VM i Trondheim i vinter – korleis var det?
– Ja, eg var ein av fire utvalde ungdomar frå Sør-Trøndelag. Eg har òg fått vere med på nokre seremoniar i karrieren min, så det var morosamt å sjå korleis dei vart arrangerte. Eg fekk òg eit innblikk i kor mykje tid og krefter arrangørane legg ned i ein 40 minutt lang seremoni, og kor mange som er involverte – til dømes med matservering, bunadprøving, lyd, anlegg og slikt, seier Magnus.
Har planane klare.
– I Noreg er eg ganske heldig, som har fire år på meg til å gjennomføre vidaregåande skule og samtidig utvikle meg sportsleg. Som medlem av juniorlandslaget er det enklare for meg å utvikle meg vidare som løpar. Eg er junior fram til eg er 23. Første prioritering etter vidaregåande er å sjå kor god eg kan bli innanfor idrett.
– Så sport er ein viktig del av livet no og i framtida?
– Idrett og sport er viktig for meg, og eg synest det er flott at så mange samlast for å heie på kvarandre. Det er òg morosamt å sjå folk som er flinke i sporten sin.
– Kunne du tenkt deg å leve av idretten?
– Eg håpar å kunne bli så god som mogleg, og kome på eit nivå der eg kan leve av idretten så fort som mogleg. Målet er heilt klart å gå frå eit godt juniornivå til eit godt seniornivå. Dersom eg driv med toppidrett i 10–15 år, vil eg sitje att med eit stort nettverk, mange kontaktar og mykje erfaring med trening, meisterskap, kropp og ernæring – og innsikt i korleis store arrangement blir organiserte, seier han og held fram:
– Eg kunne derfor tenkt meg å bruke desse erfaringane til å bidra til utviklinga av utøvarar, både på junior- og seniornivå. Eg kunne gjerne tenkt meg å bli trenar eller manager for eit lag eller eit landslag – helst innan friidrett, og då særleg mellom- og langdistanseløp. Men det kunne òg vore artig å vere trenar eller manager innan idrettar eg ikkje er like nerd på, som fotball, langrenn eller sykling. Eg trur det er stor sjanse for at eg kjem til å jobbe innan sport etter karrieren, fordi eg er så interessert i det og det betyr mykje for meg. I tillegg får eg reise verda rundt og møte folk med dei same interessa.
– Du er ganske sikker på kva du vil gjere framover?
– Ja, men det er òg fullt mogleg at eg blir så lei av idrett og konkurranse at eg kjem til å prøve noko heilt nytt – ein veit aldri.
Artige fakta om Magnus
Musikk:
– Eg høyrer mest på musikk når eg trenar, og på podkast når eg gjer andre ting.
Når eg trenar, går det i musikk med mykje energi – ikkje nokon spesielle
artistar, men ganske typisk "pre-games"-musikk, slik ein høyrer på
anlegget før fotball- og handballkampar,
Podcast:
– Eg har ingen favorittpodkast, men det går mest i Joe Rogan og Wolfgang
Wee Uncut. Eg har òg høyrt det meste av NRK sin "I det lange løp".
Les:
– Det
næraste eg kjem lesing er å lese aviser og nyheiter digitalt. Eg les òg eit
blad som heiter Kondis.
Ser på:
– Eg ser mykje på seriar når eg kviler. Det går ein del i sport, som Tour
de France frå innsida, Iskrigerne og Sirkus
Northug. Eg har snart sett ferdig Yellowstone og 1883,
som er ein forløpar til Yellowstone. Det blir òg ein del humor på
VGTV, som Ikkje lov å le på hytta, Takk for alt, Rikets
Roast, Retten er satt og Bordtenniskameratene.
Drikke:
– Favorittdrikk?
– Før trening og konkurransar går det mest i Red Bull og Powerade, medan etterpå
blir det sjokolademjølk frå YT eller Litago.
Sko:
– Kor mange par løpesko har du?
– Eg har rundt 30 par løpesko. Det sit langt inne å kaste dei, så eg bruker dei
til dei ikkje toler meir. Eg har eigne sko til konkurransar, intervalløkter og
rolege turar.