Surnadal kommune informerer

Endra postnummer frå 1.oktober
Surnadal kommune har fått informasjon frå Posten om årets endringar i postnummer, opplyser kommunen på sine heimesider.
Kvifor postnummerendring?
Kvart år tar Posten ein gjennomgang av postnummerstrukturen i Norge og dette kan medføre enkelte endringar og justeringar.
Ønske om endringar kjem i hovudsak frå postmottakarar, velforeningar/grendelag eller kommunar på grunn av lokale og gjerne historiske forhold.
I enkelte tilfelle blir det også gjort endringar som følge av at Posten får produksjons- eller logistikkmessige fordelar.
Dette er årets postnummerendringar i Surnadal kommune
- Beinvegen, Krokvegen og Storsvingvegen endrar postnummer frå 6650 Surnadal til 6652 Surnadal
- Øravegen 21 endrar postnummer frå 6652 Surnadal til 6650 Surnadal
Kva skjer vidare?
Posten endrar postnummer i Matrikkelen 1.10.2025.
Posten oppdaterer postnummersøket på www.posten.no, nedlastingsfiler, postnummerkart samt informasjon til store avsendarregister.
Folkeregisteret og Brønnøysundregistera er blant dei som mottar endringane direkte frå Matrikkelen.
Surnadal kommune besørgar informasjon internt i kommuneadministrasjonen, inkludert plan/oppmåling/tekniske einingar.