Ranes søndag:

En mannlig prest som står og prater med ei dame inne i kirka.
Søndagens «preike» var ein fin samtale mellom sokneprest Winsnes og misjonær Anna Sæther.

Dåp og misjon i fokus

Vi fekk ei rikhaldig gudsteneste i Ranes kyrkje søndag: Tre dåp, fulltonande song, fløytespel, nattverd og misjonsfokus både i preikesamtale og takkoffer.

Publisert Sist oppdatert

Dåpsborna Otelie, Tiril og Nils Mikal fylte forsamlinga med «glede over livets under», som det vart sunge i dåpssalmen.

Preikedialog

Som preike hadde sokneprest Winsnes ein fin samtale med Anna Sæther. Ho var i 40 år misjonær på Taiwan og er som pensjonist aktiv forkynnar framleis. - Det er Guds ord som virkar gjennom alt misjonsarbeid - heime og ute, sa Anna og viste til tekster i Matteus 9 og 1. Tessalonikarbrev.

Unge på Taiwan

- På Taiwan opplevde vi denne krafta ikkje minst hos dei unge, trass i motstand frå foreldra. For folk i Kina og på Taiwan er jo forfedredyrkinga ein sterk tradisjon. Da er det sterkt å sjå unge vise kristen frimodighet samtidig som dei respekterer foreldra, fortalte Anna til ei gripen forsamling. – Situasjonen kan vera utfordrande, men gleda og omsorga i fellesskapet og iveren deira under bibelsamtalane sit att som gode inntrykk.

- Privilegium

Misjonæren frå Kringlå ved Surnadalsøra seier det har vore eit privilegium å få delta i denne tenesta. - Nettopp slik det vart lese frå Matteus under dåpen i dag, føydde ho til: - «Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar!»

Frå Ranes drog Anna, søstera Inger Marie og svoger Øyvind Paulsen direkte til Misjonssambandets generalforsamling i Stavanger.

Misjonsprosjekt

Dagens takkoffer til Det Norske Misjonsselskap var eit fint apropos til andakten. Alle sokna i Surnadal samarbeider med DNS om prosjekt i Nord-Afrika og Midt-Austen. Ledd i avtalen er årlege kyrkjeoffer i sokna og fellesgåva under gudstenesta i Stangvik kvar pinsedag. 

Ei dyktig forsongargruppe på galleriet styrka songen i Ranes-kyrkja. Sverre Hatle var som alltid stødig klokkar, og Tove Elin Strand gjorde teneste som både kyrkjevert og fløytist.

Powered by Labrador CMS