Glømt krigshending?

Gulldrama og kongeflukt
Terje Holm samla mange på museet i Bøfjorden da han presenterte eit sterkt, halvglømt kapittel frå krigsvåren 1940: Gulltransporten via Nordmøre.
I eit spennande foredrag skisserte han først det dei fleste veit: Senkinga av «Blücher» i Drøbaksundet og tysk innmarsj i Oslo 9. april, kongens og regjeringa si flukt via Molde til Tromsø – og fraktinga av Norges Banks 49 tonn gull same vegen.

Grundig research
Men ikkje eingong den ferske filmen «Gulltransporten» (2022) viser dramatikken på Nordmøre. Med to års grundig research kan no Terje Holm fylle eit betydeleg tomrom i norsk krigshistorie. Og det med autentisk informasjon etter mange lokale kjelder.
Historikaren vil nok publisere dette stoffet med tida. Men både han og publikum fortener at litt av foredraget blir delt. Difor denne artikkelen.
AP-sekretær Fredrik Haslund leia aksjonen med å berge gullet unna okkupantane – først til Åndalsnes og Molde. 8 tonn vart frakta direkte til England (med kryssaren «Galathea»), 23 tonn til Tromsø (HMS «Glasgow»). Men mykje var att.
MRF-dampen «Driva»
Natt til 30. april går den legendariske rutedampen «Driva» med 260 kassar gull frå Molde over Hustadvika og til Visnes (Ramsvika) ved Kornstadfjorden. Blant dei 30 passasjerane er seinare statsminister Einar Gerhardsen.
- I Ramsvika blir «Driva» og D/S «Kværnes» frå same rederi (MRF) utsett for tysk skyting, og det blir sleppt brannbomber. Folk rømmer på land og finn skjul i hus, fjøs og møkkakjellarar, fortel Terje og siterer Kværnes-kaptein Johansens handskrivne notat om opplevingane.


Kaptein Pettersen og styrmann Bergh bestemmer å kjøre «Driva» på grunn for å unngå at ho blir senka med gullasten.
For befolkninga er dette ein uverkeleg situasjon. Ja - faktisk plukkar dei opp udetonerte bomber som suvenir og set dei i stua til pynt!
Konge, kronprins og gull på Gjemnes
På flo sjø i mørkret blir Driva «brakt flott» og går til kaia på Gjemnes. Dit kjem resten av gullet (287 kassar) frå Molde i lastebilar.
Så kan Terje røpe følgjande – som har vore lite kjent: - Til Gjemnes kom også kong Haakon og kronprins Olav! Tanken var at dei kunne rømme nordover med båt samtidig med fraktinga av gullet.

Seinare statsråd Alv Jakob Fostervoll (da 8 år) budde med familien på Gjemnesgarden og fekk etterpå vite at kronprins Olav hadde sove i senga deira!
Møst og «Freikoll»
Politimester Theisen i Kristiansund kontakta Harald Kristian Møst, som hadde passasjerbåten «Freikoll» og bad han ta på seg eit strengt hemmeleg oppdrag – nemleg å hente Kongen og Kronprinsen på Gjemnes og gå derifrå med dei til Narvik!
Sønnen Hans Oddvar Møst (da 15 år) har fortalt at dei to kongelege og mykje anna folk var på Gjemnes-kaia da «Freikoll» kom dit. Men det vart bestemt at Haakon og Olav likevel skulle returnere med bil til Molde. (Dei drog seinare derifrå til Tromsø med eit britisk farty.)

Fiskeskøyter med gulllast
Til å frakte gullet (i alt 447 kassar) frå Gjemnes vart fire fiskeskøyter frå Bud og Hustad hyra inn: «Heimdal» (skipper Hans Inderhaug), «Bard» (Harald Tungehaug), «Svanen» (Engvald Sunde) og «Leif» (Emil Skottheim). I tillegg gjekk «Gudrun» (skipper Alfred Skottheim) med soldatar og viktige passasjerar.

Losji på Kvalvåg
Etter lastinga på Gjemnes gjekk skøytene innover til Kvalvåg i Gjemnes. Dei rundt 75 om bord fekk husly på gardane her. Blant desse var diktaren Nordahl Grieg, Einar Gerhardsen og ekteparet Nina og Kristian Gleditsch. - Gerhardsen sov på bordet i stua hos Mette og Ola Kvalvåg, kunne Terje berette!

Ein av aktørane i gulldramaet, bankkasserar Sverre Belle, døde – truleg av hjertesvikt på grunn av påkjenningane. Han vart gravlagd på kyrkjegarden i Flemma.
Spennande etappe til Frøya
Frå Kvalvåg gjekk skøytene nordover om Tustna, Smøla og Hitra til Titran på Frøya. Ved Gullstein (sic!) på Tustna stansa konvoien. Somme her i bygda frykta at mannskapet var tyske spionar. Både Nordahl Grieg og Einar Gerhardsen vart utsett for slik mistanke.
Vårt lokale drama endar i første omgang på Frøya. Der vart gullet lasta over på to større fiskeskøyter, «Stølvåg» og «Alfhild», som kom til Tromsø med lasten den 9. mai.
- Frå Tromsø gjekk 24. mai det engelske marineskipet «Enterprise» med Kongen, Kronprinsen, regjeringa og gullet til England, avslutta Terje Holm sitt sterke bidrag til eit viktig kapittel norgeshistorie!