Røv.

Bygger gang- og sykkelveg mellom Vindøla og Røv

Møre og Romsdal fylkeskommune skal bygge ein kombinasjon av gang- og sykkelveg og fortau langs fv. 65 mellom Vindøla og Røv i Surnadal kommune. Entreprenørar har frist til 14. februar med å levere tilbod, melder fylkeskommunen på si heimeside.

Publisert Sist oppdatert

Vegen er skuleveg til Mo oppvekstsenter og det er busetnad og industri tett innpå vegen. Det køyrer i gjennomsnitt 1600 køyretøy på strekninga i døgnet, 12 prosent av dei er lange køyretøy.

Kontrakten inneheld:

  • 900 meter gang- og sykkelveg
  • 500 meter fortau
  • Ny gang- og sykkelvegbru på 71 meter over elva Vindøla
  • Betre sikt for trafikantane ved Røvbrua
  • Terrengstabilisering
  • Fire busslommer
  • Veglys på heile strekningen

Fylkesutvalet godkjente i desember 2021 utlysing med kostnadsramme på 85 millionar 2021-kroner. Byggestart er planlagt våren 2022, og ferdigstilling sommaren 2023.

Røv.

Informasjonen er henta frå Møre og Romsdal fylkeskommune si heimeside.

Powered by Labrador CMS