Surnadal kommune melder

Namnesak til høyring

Namnesak: Modalen/Modalan(e)

Surnadal kommune har bede Kartverket om å få reist namnesakstadnamnet «Modalen». Kartverket har kome kommunen i møte på dette og ein legg difor med dette saka ut til høyring.

Førsteleddet, Mo-, skriv seg frå gardsnamnet Grimsmoen – ein gard som oftast vart skrive og kalla «Moen» i tidlegare tider (jf. Hyldbakk).

Det er ein ustødig bruk av det same namnet i dag; «Modalen» er gjeldande stadnamn, «Modalan» er vegnamn/adressenamn og «Modalane» dukkar opp på skilt o.l.

Surnadal kommune har bede om at ein held seg til same skrivemåten sia det er snakk om det same namnet.

Kommunen vil venteleg, om det ikkje kjem fram nye opplysningar under høyringa, tilrå at «Modalan» blir nytta for ettertida – da det er i tråd med både daglegtale og adressenamn.

Det er Kartverket som avgjer stadnamnet, og dei vil difor at alle partar skal få uttale seg før dei gjer sitt vedtak. Ein opnar for å ta imot innspel frå alle interesserte.

Kartverket skriv at dei legg vekt på den nedervde, lokale uttalen av namnet. Dei ber difor alle som uttalar seg om å opplyse korleis dei meiner namnet blir uttala.

Elles blir det lagt vekt på gjeldande rettskrivingsprinsipp ved normering av stadnamn, og at ein finn ein praktisk skrivemåte som ikkje skygger for meiningsinnhaldet i namnet.

Stadnamnet vil til vanleg vere retningsgjevande for korleis avleidde namn og adressenamn blir skrive.

Vil de uttale dykk om korleis de meiner stadnamnet skal skrivast, kan de sende ein grunngjeven uttale til post@surnadal.kommune.no, ev. Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal innan 22. desember. Kommunen vil så sende ev. uttalar samla til Kartverket for avgjerd.

Powered by Labrador CMS