Annonse
ANNONSE:
Årnesdagen laurdag 2. september
Turgruppa i Gamle Stangvik, i samarbeid med Stangvik Historielag, vil laurdag den 2. september arrangere den tradisjonelle «ÅRNESDAGEN».
Opplegget blir som tidlegare år, først ein kort runde i deler av turløype-nettet, så samling i grendahuset der det blir servering av kaffe med mykje godt attåt, litt underhalding og utlodning.
Vi satsar på oppmøte ved Jørristufjøset kl 11.00 (der det er god plass til parkering). Om det er nokon som ikkje vil bli med på turen, kan dei ta inn i grendahuset og vente der til «turgjengen» er tilbake.
Da håper vi på «godt og lagleg ver», og at mange tek turen til Årnes denne dagen – vel møtt!