Stor rasfare i fjellet:

– Ver smart og ta trygge rutevalg

Nettsida varsom.no melder fredag at det er stor rasfare i Trollheimen no.

Publisert Sist oppdatert

Nettstaden varsom.no melder faregrad 3 (av 5) for Trollheimen før denne helga. Du bør unngå leområde der der det har snødd og samla seg fokksnø. Sprekker i snødekket og drønnelydar er tydelege teikn på ustabilt snødekke.

– Ver smart og ta trygge rutevalg. Unngå skavlar og skredutsette område. Sjå oppdatert skredinfo på varsom.no, seier Richard Halgunset i Rindal Røde Kors Hjelpekorps.

– Elles seier eg god tur, og nyt naturen, legg han til.

Rindal Røde Kors har sendt oss desse bileta: