LESARINNLEGG:

En mann og ei dame på en talerstol på Stortinget.
Geir Inge Lien og Jenny Klinge.

Ineffektivt uttak av jerv går på tilliten laus

Publisert Sist oppdatert

Det er på tide at både regjeringa og Stortinget vaknar og sørgjer for å få ned talet på jerv. Det går utover tilliten både til forvaltninga og til politikarane når jervestammen har vorte så stor som han er no.

Vi nordmenn er avhengige av landbruket og beitenæringa for tilgang på mat i framtida, uansett om vi bur i bygd eller by. Når det likevel er meir enn nok jerv for å sikre stammen, er det såleis viktig at forvaltninga har gode verktøy for å halde det totale talet på desse rovdyra nede og til faktisk å oppfylle intensjonane i rovdyrforliket.

Senterpartiet har lagt fram fleire framlegg som kunne sørgje for meir effektive metodar for uttak, men får ikkje fleirtal på Stortinget. Likevel kunne det ved hjelp av dagens metodar òg vore teke ut fleire jerv. 

Det er til dømes problematisk at det ikkje blir teke ut jerv i område som no er såkalla rovdyrprioriterte område sjølv om jerven gjer stor skade og stammen likevel er stor nok. Vi har derfor fremma dette konkrete framlegget:

«Stortinget ber regjeringen sørge for at bestanden av jerv forvaltes når bestandsmålene er oppnådd, i forvaltningsområdet for både beitedyr og rovdyr, for å nå den todelte målsettingen i rovviltforliket (2011).»

Forvaltninga ville med eit slikt vedtak kunne ta ut jerv også i dei rovdyrprioriterte områda, som på indre Sunnmøre og i indre Romsdal. Slik ville det bli enklare å få totalstammen ned på eit meir fornuftig nivå. Det igjen ville betre vilkåra for beitenæringa både i dei nemnte områda og også i dei beiteprioriterte områda elles i fylket og landet.

I forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett fekk Sp gjennomslag for å løyve 3 millionar kroner meir til skadefellingslaga. Vi har òg nyleg bidrege til forbetringar i reglane kring skadefelling.

Jerven er eit dyr som høyrer heime i norsk natur og som vi skal ta vare på. Men slik det er no, er det stor ubalanse til fordel for rovdyra og til ulempe for den viktige beitenæringa.

Forvaltninga kan og må bruke betre det handlingsrommet som allereie finst. Og det vil innebera ei forbetring dersom Sp-forslaga får fleirtal på Stortinget i neste stortingsperiode.

Vi håpar derfor at endå fleire veljarar til hausten vil bruke stemmen sin til fordel for matproduksjon basert på norske gras- og beiteressursar og for den framtidige matberedskapen vår.

Geir Inge Lien
Jenny Klinge
Stortingsrepresentantar, Senterpartiet

 

Powered by Labrador CMS