Etter 2 års koronapause, var det klart for sildballfestival i Rindal. Denne gongen var det Rindal Eldresenter som var møteplassen. Det forenkla logistikken i og med at det er kjøkenet på helsesenteret som leverer sildball og tilbehør.
Ved opningstid var det kø ved innsjekkinga.Foto: Ole Trygve Foseide
Bortsett frå koronapausen, så har Norges einaste sildballfestival vore arrangert av Rindal IL sidan 2008. Tidlegare har det vore både kappeting og anna innslag i løpet av dagen, og det har vore sildballpub om kvelden.
I år var programmet avgrensa til sildballbuffé der sildballen var supplert med alt muleg tilbehør. 200 personar frå Rindal og nabobygdene sikra seg ein solid middag her denne laurdagen.
Etter kvart vart det trongt om plassen rundt borda på Eldresenteret.Foto: Ole Trygve Foseide
Foto: Ole Trygve Foseide
Vi merka oss dette langbordet med utabygds sildballnytarar, frå Meldal, Stjørdal og Namsos. Frå venstre rundt bordet: Silje Svinsaas Holiløkk, Sigurd Hoffmann, Inger Svinsaas, Anne Mari Svinsaas, John Egil Korsen, Kari Ustad, Per Hoffmann og Frank Holiløkk. Dette var første del av bursdagsselskapet for Inger og Frank. Etterpå drog dei til Bolme pensjonat på kafé.Foto: Ole Trygve Foseide
Ida Therese Steinsvoll var dagens sjef på kjøkenet og hadde ein solid gjeng med seg. Frå venstre: Bjørn Inge Glåmen, Anne Marte Sogge, Ida Therese, Vibeke Langli, Aud Gunvor Helgetun, Ola Bakken og Bettina Røen HelgetunFoto: Ole Trygve Foseide
Køen langs bufféen gleid godt.Foto: Ole Trygve Foseide
Magne Svinsås forsyner seg av tilbehøret.Foto: Ole Trygve Foseide
Amund Fagerholt ville greidd seg godt i ein kappetarkonkurranse. Med denne fjerde tallerkenen passerte han 11 ballar!Foto: Ole Trygve Foseide
Foto: Ole Trygve Foseide
Lars Helgetun og Nils Bakken var rause både med ball og steikt flesk.Foto: Ole Trygve Foseide
Det var ikke full enigheit om kven som var sildballgeneral, men Oddbjørn Heggem var visstnok mannen bak ideen.Foto: Ole Trygve Foseide
Dei ivrigaste kunne kjøpe dessert og kaffe ogsåFoto: Ole Trygve Foseide