Fiksekveld med Rindal husflidslag:

Kom på Fikse-kveld og lær å bøte vottar blant anna.

Lær å reparere kleda dine!

Publisert Sist oppdatert

Onsdag kveld inviterer husflidslaget til fiksekveld i kantina ved Rindal skole. I ei tid kor det blir meir og meir klart at vi må ta grep for å leve meir berekraftig, er det viktig å redusere forbruket vårt, og på klesfronten har vel dei fleste av oss litt å gå på. Med enkle teknikkar kan vi reparere dei kleda vi har, og få dei til å halde lenger. No når mange har strammare økonomi, er det jo gunstig for lommeboka også.

Hol i ullundertøy kan lett fiksast. Eit tips er å fikse før holet blir for stort, det er lettast.
Det er for gale å kaste ein heil fin strikkavått berre fordi det er gått eit hol. Denne kan fint reparerast.

Noregs Husflidslag har ei stund hatt gjenbruk, re-design, haldbarheit og reparasjon som satsingsfelt, og bidreg med materialpakkar til lokallaga slik at dei skal kunne arrangere fiksekveldar. Somme plassar har dei og starta fiksarlaug med faste treff. Gjennom foredrag på nettet har husflidslaget sentralt bidrege med teknikkar og tips til korleis arrangere fiksetreff.

I materialpakkane frå Norges husflidslag kom det fine stoppesoppar.
Husflidslaget har tråd og garn i alle fargar til bøting.

Rindal husflidslag brukar å få støtte frå Rindal sparebank, og i fjor fekk dei eit større beløp øremerka arbeid for berekraft, og dei vil gjerne bruke det til nytte for folk i bygda. Målgruppa for treffet er alle som har lyst, og dei ser for seg at dette er nyttig for småbarnsforeldre som vil at klede skal gå i arv mellom barna. Om det blir stor interesse kan dette bli eit arrangement som gjentek seg, og kan eventuelt kombinerast med klesbyttedagar. Det er og absolutt lov for mannfolk å delta. Kanskje treng nokon å lære å sy i ein knapp?

Marianne Løseth og Marte Nervik Nergård er blant vertskapet på fiksekvelden. Dei er spente og gler seg både til å lære bort og lære av kvarandre. Marte tykkjer det er veldig greitt å kunne fikse ting sjølv, og ikkje lenger trenge hjelp av mor. Ho er også spent på om ho kan få tips til korleis finast muleg reparere ein kashmirgenser som har rakna litt. Fine plagg i kvalitetsmateriale må ein ta vare på.

Det er gratis å delta på fiksekvelden, og denne gongen held husflidslaget alt som trengst av materiale og utstyr. Dei kjem til å vere der fram til 21.00, og det er berre å stikke innom når ein vil, kanskje medan ungane er på trening? Dette er eit lågterskeltilbod, inspirerande og sosialt.

Norges husflidslag har sendt med 20 eksemplar av boka 'Fiks det', desse blir delt ut så langt det rekk til dei som kjem innom på fiksekveld.

Du treng ikkje kunne noko spesielt frå før. Hit kjem du for å sjå og lære enkle teknikkar. Ta gjerne med litt ulike ting som treng å reparerast. Her kan du blant anna få tips om stopping av strikkastrømper, ullundertøy og reparasjon av syntetiske materiale.

Marianne har funne ei utfordring i ei revna jakke, men har fleire alternativ for korleis ho kan reparere ho.

TV-program som Symesterskapet og influensarar som blant andre Jenny Skavlan har vore med å gjere det trendy å reparere og å sy om klede. Re-design og personleg vri på kleda er populært. Dette er jo ikkje nytt, og vi damene mimra om omsydde klede vi brukte på 70- og 80-talet, men etterkvart har det vorte ein enorm tilgang på rimelege klede, og vi har ikkje hatt behov for å reparere og gjenbruke.

Visible mending er ein trend/teknikk for å gjere reparerte klede personlege og flotte. Her kan ein finne mykje tips på Instrgram og Pinterest m.a.
Det finst mykje tøffe bøter å få kjøpt, både til å stryke og sy på, men det er absolutt muleg å lage eigne, og her finst det ulike malar.

ANNONSE:

FIKSEKVELD

Onsdag 27. april kl. 18.00, kantina ved Rindal skole

Powered by Labrador CMS