ANNONSE:

Psykt bra kveld med Bondens nettverk

Tid: Onsdag 26. november kl. 19:30-22:00
Sted: Sagatun Grendahus, Surnadalsvegen 1409, 6653 Øvre Surnadal

Bondens nettverk i Surnadal og Rindal inviterer til eit gratis arrangement i form av ein triveleg onsdagskveld i lag.

Målgruppa er landbruksnæringa og tilknytta aktørar.

Kl.19:30 er koldtbordet klart for dei påmeldte og programmet startar kl. 20.

Portrettbilde av en mann.
Oppdalingane er gode på Bondens nettverk. Steinar Outzen frå produsentlaget gir oss suksessoppskrifta på Sagatun.
Portrettbilde av ei dame.
Tove Ørsund etterlyser betre ordningar for bøndene. 26. november deler ho si historie med oss.

På scena kjem Stein Outzen frå Produsentlaget/Bondens nettverk Oppdal og Tove Ørsund, gardbrukar i Sunndal. Dei vil dele erfaringar med å vera ein som ber om hjelp, og ein som gir hjelp.

Konferansier: Knut Ole Laksøyen, aka "Tander Bakli".

Det er mål om å både få trimma lattermusklane litt og få snakka med andre i næringa denne kvelden.

Vi håpar de har lyst til å dele denne kvelden med oss.

Grunna matbestilling er det begrensa antal plassar. Påmelding på sms/telefon til Elin Moen Lysø, tlf. 95 25 93 60, eller Marie Konstad, tlf. 47 66 46 56.
Påmeldingsfrist 19.11.2025.

Kvelden er finansiert med tilskot frå Trøndelag fylkeskommune.

Powered by Labrador CMS