Dåpsbarnet Jostein Hårstad med dåpsfølgje i Øvre Rindal kapell.Foto: Ole Trygve Foseide
Forstår du kva som skjedde med Jostein
Under gudstenesta i Øvre Rindal kapell denne Allehelgenssøndagen vart det tent lys for alle som var døde siste året i Rindal, og vesle Jostein Hårstad vart døypt. Les meir om det nedafor. Der finn du preika til Lene prest der utgangspunktet er bibelteksta om Marta og Maria som hadde mista bror sin.
Når me står i ei krise,
er det fort gjort å tenkja på korleis det kunne vore avverga. Hadde eg gjort
ditt og du gjort datt, ville ikkje dette skjedd. Slik tenkjer også Marta etter
at broren Lasarus er død. Ho konfronterer Jesus med tankane sine, og han ser ut
til å tåle det godt. Slik vart preika i kapellet på gudstenesta Allehelgensdag:
Joh.11,19-27
Mange jødar var komne til Marta og Maria og ville trøysta dei i sorga over broren. Så snart Marta fekk høyra at Jesus kom, gjekk ho og møtte han, men Maria vart sitjande heime.
Marta sa til Jesus: «Herre, hadde du vore her, så hadde ikkje bror min døydd. Men no òg veit eg at alt det du bed Gud om, vil han gje deg.»
«Bror din skal stå opp att», seier Jesus.
«Eg veit at han skal stå opp att når alle står opp på den siste dagen», svara Marta.
Då sa Jesus til henne: «Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr.
Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. Trur du det?» «Ja, Herre», seier ho, «eg trur at du er Den salva, Guds Son, han som skal koma til verda.»
- Kva kunne vore gjort ansleis?
Spørsmålet ligg heilt oppe i dagen for Marta. Og ho veit svaret: Hvis Jesus hadde kome før, kunne han gjort noko for Lasarus bror hennar. Jesus hadde helbreda folk før, og det kunne han sikkert gjort denne gongen også. Men no har han alt lege død i grava i tre dagar, og alt er for seint.
Jesus, hvis du berre hadde kome før, så ville bror min levd.
Utsagnet bèr sitt av tillit. Jesus er den som kunne ha gjort under. Om ingen andre, så i alle fall han.
Men han kom ikkje, og dermed snur gjerne orda til ein anklage mot han som ikkje kom tidsnok: Jesus, bror min er død fordi du kom for seint. Det er din feil.
Tillit og anklage. Og Jesus tåler tydeleg nok båe delar. Han som kjenner både Marta og Maria og oss alle frå innsida, veit kva me menneske kan romme av tillit og bebreiding, tru og tross, tillit og sinne. Det er greit, det.
Marta kunne aldri sett for seg kva som skal skje med Lasarus, bror sin. Han er død og har alt lege tre dagar i grava. Men det skjer likevel: Jesus ropar Lasarus ut, og han kjem levande ut av grava att.
Han som var død, er plutseleg levande.
For oss som veit korleis det skulle gå med Jesus, står det som eit teikn på det som skulle skje med han sjølv – Jesus skulle også stå opp ifrå grava etter tre dagar.
Og han gjer det såre enkelt for oss som kjem etter: Det er berre å leva og tru, tru og leva. To sider av same sak med eit løfte knytta til seg like hardt som til Jesus sjølv: Den som lever og trur på meg skal aldri i evigheit døy. Aldri.
Er det for godt til å vera sant?
Muligens. Det kan vera Jesus inviterer oss til å tru meir enn me klarer å begripe. Det kan vera at trua vår har større potensiale enn det me måtte ha fått av intelligens.
Jostein er døypt nettopp. Kven av oss har forstått kva som skjedde med han der han vart døypt?
Kven av oss kan sjå heile djubda og høgda i det mirakelet som skjedde med han i det som blir kalt den nye fødselen?
Han vart døypt til Jesu død og oppstandelse. Korkje foreldre, faddrar eller prest forstår kva som skjer, men me vil at det skal skje likevel – fordi me set tillit til mirakelet i dette at Jostein blir reist opp frå døden til eit nytt liv i Kristus, bokstaveleg talt like etter den fyrste fødselen.
Invitasjonen til å tru meir enn me klarar å forstå gjeld også oss som stadig bèr tyngre bører av sorg og tap.
Det må vera noko meir, noko anna, noko godt å leggja livet og framtida i. Altså oss sjølve, med vårt av siger og tap, stoltheit og skam, helse og mangel på helse, tvil og tru.
Eg er oppstoda og livet, seier Jesus. Den som trur på meg skal aldri i evigheit døy. Så er det ikkje større våget enn å ta Jesus på ordet. Han viste det med Lasarus, som han viser det med seg sjølv, som han viser det med Jostein og oss alle.
Dåpsbarnet Jostein Hårstad med sokneprest og dåpsfølgje.Foto: Ole Trygve Foseide