Gudsteneste i Rindal kirke

Dåpsfølget ved døpefonten.
Dåpsbarnet Harald Bolme Løften med sokneprest, foreldre og faddere.

Vindyrking også i Vinterland

Denne søndagen vart Harald Bolme Løften døpt i Rindal kirke, og sokneprest Lene Gåsvatn preika om vintreet.

Publisert Sist oppdatert

Vintre er noko me kjenner berre ifrå bilete og ferieturar. Men Det sanne vintreet, har nok dei fleste kunnskap om ifrå bibelhistoria. ”Eg er det sanne vintreet”, seier Jesus. Og han held fram med å erklære disiplane sine for å vera greiner. Faktisk kan me bli optimistiske av mindre! Slik vart det forkynt i Rindal kyrkje sundag:

Det sanne vintreet. Joh. 15,1-8

Eg er det sanne vintreet, og Far min er vinbonden. Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort, og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. 

De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. 

Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, slik kan heller ikkje de bera frukt viss de ikkje er i meg. 

Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. 

Den som ikkje blir verande i meg, blir kasta ut som ei grein og visnar. Greinene blir samla saman og kasta på elden, og dei brenn. 

Blir de verande i meg, og blir orda mine verande i dykk, så be om kva de vil, og de skal få det.

For ved dette lyser herlegdomsglans om Far min, at de ber mykje frukt og blir mine læresveinar.

Avskjed er for det meste vemodig. Det er leit å bryte opp og reise ifrå etter det som har vore gode samvær under eit besøk. Og det er trist å bli verande att. Om enn det også er noko sant i det svigermor til min fyrste prost hadde som standarduttrykk når ho skulle bryte opp etter besøk der i heimen: Gjester er som fisk. Etter tre dagar luktar me vondt.

 Slik sett er det gjerne best med dei besøka som varer litt for kort. Som me tenkjer at me gjerne skulle hatt endå litt lengre tid så me kunne fått prata litt meir, drukke litt meir kaffi, utveksla litt meir for å kjenne endå meir på at det er så veldig godt å vera i lag.

 No er det Jesus som held på med sin avskjed. Avskjed med disiplane sine. Ikkje noko tyder på at dei har gått lei av kvarandre, snarare tvert imot. Disiplane føler seg på ingen måte klar til å bli att utan Jesus. Kva skal dei kunne ta seg til med utan han til å lære seg, setja kritikarane på plass og beskytte seg? Kva no?

 Og Jesus reiser heller ikkje med lett hjarta. Han veit kva som ligg føre, og med rette er hjarta hans herja av angsten for både fysisk, psykisk og ikkje minst medtafysisk smerte på det planet me har høyrt om kun gjennom små og usle eder og forbannelsar me er så himmelvidt ifrå å kjenne rekkevidda av.

 Avskjeden er berre vond. Og Jesus gjer sitt for å mildne og trøyste, bygge opp og mane fram optimismen hjå disiplane sine gjennom ord som bèr – ord som har bore disiplane gjennom sine år fram til alle så nære som ein leid sin martyrdød, og som fortsatt bèr oss som er kyrkja hans i denne verda:

 Eg er vintreet, seier Jesus. Eg er det sanne vintreet og Far min er vinbonden. Bli i meg så blir eg i dykk.

 Så enkelt kan det seiast. Og faktisk: Så enkelt er det. Bli i Jesus, så blir han i dykk. Blir me i Jesus, så blir han i oss. Han som ikkje tvinger nokon, legg alt til rette for oss i det han legg livet framfor oss.

 Greinene kan få næring gjennom å halde seg på stammen. Og det er faktisk berre der dei får næring, slik at dei bér frukt. Som for allskens frukt- og bærdyrking, er det avlinga som er målet. At det må bli noko til nytte og føde for fleire. At det må bli noko meir. Og sett i vår samanheng: At me må bli fleire om å høyre Guds ord, hente liv og næring, trøyst og oppmuntring i dette så me bèr frukt og blir Guds gode stemme i tida som er vår.

 Me høyrer om gode sirklar. Om treet som blir sett etter og stelt så det blir tryggare og større, sterkare og endå meir nyttig. Mens det same skjer med dei tørre og ufruktbare greinene som det skjer i dei fleste hagar no for tida: Me fèr over plenen og tek med oss tørre greiner og kvistar og kastar dei bort i lag med lauvet som ligg der ifrå i fjor. Det handlar om å rydde unna alt som ikkje lengre har nytte.

 Eg er det sanne vintreet, seier Jesus om seg sjølv. Og tanken fèr ganske fort attende til Edens hage, der Livets tre som gjev kunnskap om godt og vondt var planta i midten.

 Den gongen var treet tabu. Korkje Eva eller Adam hadde lov til å forsyne seg og langt mindre ta til seg av frukta. Men det skjedde. Dermed fekk heile menneskeslekta ein type felles skjebne i synd og skuld, død og forbannelse.

 Gud hadde eit mål med å sende Jesus til verda, og dette målet var å ta bort frå menneska denne vår felles skjebne av synd og skuld, død og forbannelse. No er dette å halde seg, ikkje berre nær treet, men å halde seg levande på treet som ein livsbetingelse for oss.

 Bli i meg, så blir eg i dykk, seier Jesus. Så enkelt seier han det. Og han av alle veit kva han snakkar om: Det er i Jesus me har livet. Det er der me har håpet. Det er der me har framtida.

 Du til di grein meg sette alt i min fyrste vår, let det i ein salme me gamle lærte utanåt i skulen. Dette skjer med vesle Harald i dag. No, i hans fyrste vår, blir han sett fast som ei grein på Jesus, det sanne vintreet.

 Korleis skal livet hans bli? Korleis skal dette at han er døypt prege livet og trua hans, framtidsutsiktene og livshåpet? Vit at me tek imot både han og kvarandre i menigheita vår så me kan stå i hop om å vera dette me er døypte til å vera: Levande greiner på han som er det sanne vintreet. Levande greiner som bèr frukt. Levande greiner som stadig lærer meir, håpar meir og beveger oss framover mot den dagen alt som heiter vonde avskjedar ikkje lengre finst fordi me skal vera i lag for alltid i hans evige himmel.

Familie og prest står rundt døypefonten med dåpsbarn i Rindal kyrkje.
Dåpsbarnet Harald Bolme Løften med sokneprest, foreldre og faddere.
Powered by Labrador CMS