ANNONSE, LEDIG STILLING:
Sjukepleiar ved Surnadal sjukeheim
Vi har ledig fast 100% stilling for sjukepleiar.Stillinga inngår turnus med arbeid 3.kvar helg eller langvakter på helg med arbeid 4.kvar helg.
Om oss:Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi rom avsett til ØHD (Øyeblikkelig-Hjelp-Døgnopphald).
Hos oss har vi stort fokus på:
- fagutvikling
- rolleavklaring i de i ulike yrkesgruppene, med mål om auka tryggleik, kvalitet og trivsel
- kvalitet i tenestene
- velferdsteknologi
- aktivitetar
- matglede
- refleksjon
Arbeidsoppgåver:
- sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar
- teamleiarfunksjon og samhandling
- koordinering og dialog med heimeteneste og spesialisthelsetenesta
- veiledning og opplæring
- dokumentasjon
- bruk av fagsystem, velferdsteknologi og digitale verktøy
- tverrfagleg samarbeid
- legemiddelhandtering
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Tilfredsstillande politiattest, ikkje er eldre enn 3 månader
Personlege eigenskapar vi ser etter:
- fagleg dyktig og engasjert
- ansvarsfull og handlekraftig
- endringsvillig og løysingsorientert
- gode samarbeidsevner
- fleksibel
Du kommuniserer godt på norsk og har god skriftleg framstillingsevne med tanke på dokumentasjon.
Søknadsfrist: 20.05.2026