Refleksjon - Påskedag

Påske - vår - liv

Alle gode krefter

Og jeg forsøker å snakke om den kraften som ligger aller nederst.
Kva prøver du å fortelja? Den krafta som ligg aller nederst, er det reservelageret me ikkje ante at me hadde før me trengte det?

Publisert Sist oppdatert

Eller var det krafta frå Han som hamna aller nederst? Han som lot seg audmjuke og fornedre djupare enn nokon har vore, korkje før eller seinare?

Den positive kraften. Den vi ikke ser eller kjenner før vi er der. Den som er helbredende. Den som får oss til å se at vi mennesker hører sammen. Sammen i sårbarhet. Og trenger hverandre. Og at det kun er den som har vært aller nederst, den som har opplevd å miste alt, som kan snakke med troverdighet om det å finne. Og det å reise seg igjen.

Sokneprest Lene Gåsvatn

Eg kjenner på at desse linene rører ved meg og stimulerer til nye tankar kring oppstoda: Om Han som var aller nederst. Om Han som mista alt, både liv og gudsnærvær inklusive. Han kan snakke til truande om det å finne. Om det å reise seg att. For det var akkurat dette Jesus gjorde. Ikkje for seg sjølv, men for oss. Så får det våge seg at Han vart både såra, avretta og gudsforlatt for oss sårbare. Det var hans måte å vinne på for å kunne gje eit evig liv i sitt rike til oss som var dødelege.

Han kan snakke med truverde om det å finne. Og det å reise seg att. Han talar vårt språk om det me treng: Eit levande håp. Signa påskehelg!

Kursivteksta er henta frå ein debutant, Elisabeth Thorsen, leiande sokneprest i Domkyrkja i Oslo. Romanen hennar heiter Komposisjoner av lys, og er nett komen ut.

Altartavle, Stangvik kyrkje

Du finn digitale gudstenester for Påskedag her:
Rindal kirke 1. påskedag kl.11.00.
Øye kyrkje 1. påskedag kl.11.00.

Preiketeksta er henta frå Matteus 28:

1 Då sabbaten var til ende og det tok til å lysna første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava. 2 Då kom det brått eit kraftig jordskjelv, for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava, rulla steinen ifrå og sette seg på han. 3 Han var som eit lyn å sjå til, og kleda hans var kvite som snø. 4 Vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde. 5 Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, den krossfeste. 6 Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg!7 Skund dykk av stad og sei til læresveinane hans: ‘Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han.’ – No har eg sagt det til dykk.» 8 Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad for å fortelja det til læresveinane. 9 Og sjå, Jesus kom imot dei og sa: «Ver helsa!» Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han.10 Og Jesus sa til dei: «Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.»

Matt 28,1-10

Powered by Labrador CMS