Siste om Todalsfjordprosjektet:

Styreleiar i Todalsfjordprosjektet AS, Malene Aaram Vike.

Startar reguleringsarbeid i 2022

Fylkeskommunen utlyser og ei 100 % planprosjektleiarstilling med mål om tilsetting i mars 2022.

Publisert Sist oppdatert

Under tysdagens næringskonferanse i Surnadal kulturhus, «SuSu i framtida!», orienterte styreleiar i Todalsfjordprosjektet AS, Malene Aaram Vike, om siste nytt i prosjektet.

Der fortalte ho at Todalsfjordprosjektet var i møte med fylkeskommunen 24. september, og der vart det klart at planprosessen, og dermed og planbestillinga, er i gang.

– Det betyr i praksis at dei no har teke til å kartlegge kva dei treng, kva dei treng av folk, utstyr og når dei treng kva, seier Vike, som og fortalte at det no vil bli lyst ut ei full stilling som planprosjektleiar for Todalsfjordprosjektet i Fylkeskommunen.

Fram til då har prosjektleiar Anne Myrstad Strand ansvaret for framdrifta.

– Dette er ei veldig god nyheit, og viser kor seriøst Fylkeskommunen driv no, seier Vike, som meiner møtet 24. september var lovande med tanke på vidare samarbeid:

– Vi fekk avklart ein del spørsmål, og var samde om at kommunikasjonslinene skal vere opne for å drive prosjektet best mogleg framover.

Ho informerte og om at reguleringsarbeidet startar straks finansiering er på plass, og siste vedtak skal gjerast i Fylkestinget i desember i år.

– Vi skal starte opp med reguleringsarbeidet tidleg i 2022, og det er stipulert å ta tre år. Kvifor? Det første er at plan- og bygningslova må følgjast til punkt og prikke. Ein skal greie ut løysingane frå kommunedelplanen, og gjere analyser av kva løysing som er best. Kva tek vare på veg? Kva tek vare på folk?

– Milepælane kan komme tett

Vike fortel at Todalsfjordprosjektet i møtet med fylkeskommunen fekk signal om at dette skal gjerast med høgste seriøsitet.

– Alt skal greiast ut skikkeleg, og ei god løysing er vel at alle er slik passeleg fornøgde, seier ho.

Fylkeskommunen forventar no å vere over i prosjekteringsfasen tidleg i 2025.

– Då skal det gå slag i slag, og milepælane kan komme tett, dersom ting ligg til rette og prosessen fralmeis er god, sa Vike, som trur at effekten av ein døgnopen region vil vere av stor betydning for Surnadal, Sunndal, Rindal, Tingvoll og Heim.

– Brua er av betydning, men det er ikkje det einaste som er av betydning. Vi må tenke attraktivitet, og ha fleire tankar i hovudet på ein gong. I tillegg til å bygge bru, veg og tunnel, skal vi og sørgje for at folk vil flytte hit og ha lyst til å bli buande. Det handlar om næringsutvikling, samfunnsutvikling, regionsutvikling og næringsparkutvikling, fortalte ho, og la til:

– For meg er det eit kjempeviktig samferdselsprosjekt, men mest av alt er det eit samfunnsutviklingsprosjekt.

– For oss er brua ein stor trussel

Tore og Kristina Svinvik.

Tore og Kristina Svinvik frå Svinvik Gard heldt og foredrag på næringskonferansen, med tittelen «Brua, mulighet eller trussel?».

Ekteparet var klare i konklusjonen om at det for deira del er ein trussel.

– I planene som er lagt fram, tykkjer vi ikkje det har komme godt nok fram kor inngripande det noverande trasevalet er. I praksis meiner eg vi mistar 60 dekar dyrkajord, og i tillegg ligg det kliss inntil både bustadhus og restaurant, sa Tore Svinvik, og fortsette:

– Politikarar og andre har gong på gong sagt at Svinvika skal skånast, men slik planane ligg føre no tapar vi alt. Vi taper stillheita, nærleiken til naturen, fjord og fjell. Vi mister og moglegheita til å utvikle draumen vår. Så for å oppsummere, er brua for oss ein stor trussel, ikkje ei moglegheit.

Kristina Svinvik fortalte at dei to har planar om både å utvide sjølve restauranten, og å utvide tilbodet med unike overnattingsplassar.

– Per i dag er alle planer lagt på is, i påvente av å sjå kva som skjer med brua, sa ho.

– Brua må ikkje bli ei sovepute

Todalsfjordprosjektet og bru over Todalsfjorden vart diskutert og då Driva-redaktør Tommy Fossum leia ein sofaprat med utflytta surnadaling Jon Gausen, Torbjørn Torske og Jan Ludvig Andreassen.

– Brua må ikkje bli ei avsporing om at brua løyser alt, for det gjer den ikkje. Det må ikkje bli ei sovepute, sa Jon Gausen.

– Eg er heilt einig med deg. Det løyser ikkje alle problema, men det løyser ein del av infrastrukturen, som er eit problem i dag. Vi må samtidig bli meir attraktive bu og arbeidsregionar, sa Torbjørn Torske.

Per Helge Malvik delte ikkje synet til Gausen og Torske.

– Eg er ikkje heild samd med Jon i at brua ikkje «løyser alt». Eg trur den vil ha ein katalysatoreffekt vi ikkje anar omfanget av i dag. Sjå kva som har skjedd på Hitra og Frøya, sjå til Søre Sunnmøre. Dette utløyser mykje meir enn det vi klarar å sjå for oss før prosjekta blir realisert.

– Vi må hugse at vi er i ein konkurranse med andre regionar om kompetanse og arbeidskraft, og for å vere rigga til den, må vi stå saman og ha gode utviklingsmiljø. Kvar for oss blir vi for små, så skal vi få ekspertise innan dei ulike felta, må vi ha større, robuste fagmiljø, sa Harald Bredesen frå Surnadal kommune.

Ole Magne Ansnes (f.v.) styrte samtalen med SuSu-administrasjonen.
Powered by Labrador CMS