Johan Helgetun til minne

Han var solid og bein som sjølvaste kongestokken i tårnet på Rindalskyrkja. Utan å dra samanlikninga for langt: Heile tårnkonstruksjonen kviler på kongestokken. I kyrkja vår er den av nyare dato, etter ein brann i 2014. Bygningsingeniøren Johan var sterkt engasjert under restaureringa. Som han ”alltid” hadde vore i det som har med kyrkja å gjera, både som rådgjevar, dugnadsarbeidar og kyrkjegjengar.

Det finst neppe nokon som kjente kyrkja vår betre enn han. Mange arbeidstimar er lagt ned der. Så òg i anna friviljug arbeid knytt til kyrkjelyden: Oppstart og deretter drift av speidargruppa gjennom 25 år, sokneråd/fellesråd, Indremisjonsforeininga og Bedehuset.

Døden kom brått på oss som syrgjer over ein kjær ven. Tyngste sorga bèr Magnhild, som hadde vore gift med Johan i meir enn femti år, samt familien elles: Ann Kristin, Marte, Hanna, Monica og Svein Arild. Og så den fine flokken på 13 barnebarn. Hanna målbar det så fint under gravferda, at mamma og pappa hadde vore eit førebilete for korleis eit samliv skulle vera. Og så synte ho med fingrane sine korleis Magnhild og Johan ikkje berre stod ved sida av kvarandre, men også var fletta inn i kvarandre på ein måte som vart god. Johan døydde 24. januar.

Johan var trilling, født 27. juni 1948. Han vaks opp med to systre og ein eldre bror på Helgetunholten i Romundstadbygda. Etter nokre år i Trondheim, flytta familien heim til Rindal. Han har stått for utallige prosjekt frå idè til teikning og ofte til gjennomføring òg. Johan var det me kallar for hendt.

Det sosialpolitiske engasjementet var stort. Der i huset fekk borna lære at skatt er noko me betaler med glede og takksemd for alt samfunnet gjev oss attende når me treng det.

Få kunne vera så generøse, inkluderande og tålmodige som Johan. Han var stor nok til å løfte andre opp. Og han var genuint audmjuk, - sikkert meir enn han var seg bevisst.

Så ser eg for meg at om det skulle vore trongt om plassen der framom Porten når Johan skal Heim, så ville han nok sjå seg ut ein stad litt på skrå der bak dei andre, slik at han ikkje står i vegen for, eller kastar skugge på nokon. I trygg visse om at Heime i Himmelen, der er godt med plass for alle som vil ha ein. Og hadde han møtt på eit forfrose barn frå Moria flyktningleir der i køen, ville han gledd seg over å kunne løfte det opp, tørke tårer og søle så best han kunne og berre omslutta det med varme og kjærleik.

Salmen Å leva, det er å elska var kjær for Johan. Livskallet var å spegle Guds himmel av. Mang ein nattehimmel vart spegla gjennom kameralinsa. Men mest av alt vart Guds himmel spegla i dette me alle visste: Johan ville oss vel. Takk for fylgjet – så langt.

Lene Gåsvatn.

Johan Helgetun
Powered by Labrador CMS