Bøfjorden Sjøbruksmuseum

Drama i ishavet
Selfangst var ei stor og omstridd næring. På museet i Bøfjorden søndag gav Jakob Kristian Teilgård innblikk i ei historie full av dramatikk.
Sunnmøre utvikla selfangsten mest. Frå 3 farty i 1898 var det 243 båtar på fangst i 1918. I toppåret 1925 vart 400.000 sel fanga.
– Fangsmetodane var til dels brutale. Og med aktivistar som Brigitte Bardot vart det stor motstand og varige endringar, forklarte Teigård i eit svært interessant biletforedrag på sjøbruksmuseet.

Katastrofer i 1917 og 1952
To særleg store katastrofer ramma selfangsten - i tillegg til mange enkeltulykker og forlis. Påskedag 1917 forsvann 6 farty, og over 70 mann omkom. I 1952 gjekk 5 skuter ned, og 78 sjøfolk miste livet. Begge gonger vart skutene overraska av orkan og polarkulde i Vestisen - området nord for Jan Mayen.
Unge nordmøringar
Teilgård tok særleg for seg ulykka påskedag 1917. Der miste 4 unge nordmøringar livet: 19-årige Knut Visnes frå Averøy (mannskap på «Arctic») og straumsnesingane Peder Odin Langø (32 år), Einar Finnvik (19) og Tore Bøifot (27). Desse tre var med på skuta «Aslak».
Tore Bøifot var nær slektning av foredragshaldaren. – Men det vart aldri tala om denne katastrofen i dei berørte heimane, sa han.
Andre farty opptok leiting, men det gjekk fleire månader før pårørande fekk vite det som var å finne ut om katastrofen. Orkan i 40 minusgrader kunne forårsaka ising og knusande isflak. Spekulasjonar om krigsminer vart avvist som usannsynleg.
«Sangvik» klarte seg
Blant dei skutene som overlevde storstormen, var kristiansundsbåten «Sangvik». Men også her var det dramatisk. Med mannskapet forskansa i lugaren hadde styrmann Peder Berg åleine ansvar for ratt og ror i over to døgn. Lange stunder var «Sangvik» nede i havets mørke, innimellom vaska sjøbrotta opp i mastene. Ein turist som var med på turen, vart teken av sjøen og omkom.

Foto frå desse hendingane finst sjølsagt ikkje. Men Teilgård illustrerte foredraget godt med plansjar og andre bilete.
117 forlis på 15 år

Selfangstekspedisjonar innebar stor fare for at skutene kunne bli brotne ned av skru-isen. – Men da berga oftast mannskapet seg ned på isen og vart henta av andre farty, forklarte Teilgård.
Talet på slike hendingar var like vel formidabelt. Ikkje mindre enn 117 farty forliste på dei 15 åra mellom 1924 og 1939. To av desse var skuter bygde i Snekkvika på Nordmøre - «Veslemøy» (opprinneleg Hjelmen I) og «Hvalbarden» (Blankisen). I 1928 vart 11 båtar brotne ned på eitt døgn i Kvitsjøen.

Frå drama til humor
På sitt vis ein dramatisk start på museumssesongen altså. Men komande søndag får du le – med morovers av Hyldbakk og Jørgen Gravvold, pussige dialektord og artige terrengnamn med nydelege naturbilete attåt. Utover sommaren blir det ymse på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.