Midtsommar i Surnadal

Det var bra med folk på opninga av «Surnadal Open» i Kallastuå

Surnadal Open inntok Kallastuå

I samband med «Surnadal Open», som er ein del av Midtsommar i Surnadal vart Surnadal Kunstforening invitert til å arrangere «Pop-Up» utstilling i Kallastuå på Tellesbø.

Publisert

Det var stiftinga bak Kallastuå som stod bak invitasjonen, og utstillinga denne gongen var i andre etasjen, der det vanlegvis er kunst av Kalla Skrøvseth som er utstilt, men som altså kunstforeninga altså denne gongen vart invitert til å bruke.

Seks tok utfordringa 

Dei seks kunstnarane, Rannveig Brøske, Anne Marie Rognskog, Lilli Husby, Anne Grete Kvendset, Sissel Halset Storslett og Guri Seljebø, tok utfordringa og vart med på «Pop-Up» utstillinga.

Fem av dei seks utstillarane.

Utstillinga er opna klokka tre, og Lubonir akkompagnerte medan publikum gjekk rundt og såg på dei utstilte kunstverka.

Lubonir akkompagnerte under opninga.

Nytt lager, registrering og restaurering 

Under opninga av utstillinga kunne stiftinga bak Kallastuå avsløre at det er arbeid på gang i Kallastuå. I første etasje er det bygd nytt brannsikkert lager med varme i garasjen, der det skal lagrast kunst som skal lagrast.

Alle dei mellom 250 – 300 kunstverka skal no registrerast, og dette arbeidet er så vidt kome i gang.

Odd Ingar Skrøvseth og Olav Karlstad i det nye kunstlageret

Nokre av kunstverka som andre eig, men som er laga av Kalla Skrøvseth, er digitalisert og kan sjåast på ein skjerm i utstillingslokala.

Nokre av Kalla sine kunstverk, som er i andre si eige, er digitalisert og blir vist digitalt på skjerm.

Odd Ingar Skrøvseth og Olav Karlstad har restaurert og ramma inn nokre av kunstverka Kalla har laga, og som tidlegare hang på hotellet.

Nyrestaurert og nyinnramma bilde som tidlegare var å finne på hotellet.
Powered by Labrador CMS