ANNONSE, LEDIG STILLING:

Surnadal kommune sitt kommunevåpen

Helgastillingar og engasjement som tilkallingsvikar ved Bu- og aktivitetstenesta

Bu- og aktivitetstenesta har ledige stillingar fortrinnsvis på helg og engasjement som tilkallingsvikar. Det er først og fremst størst behov på helg, men vi har behov for tilkallingsvikarer generelt.

Vi søkjer personale til ulike stillingstørrelsar på helg og deg som vil vere vikar på tilkalling; ei helgestilling kan være fast eller som engasjement alt etter ønskje og/eller kvalifikasjonar.

Stillingane er godt egna for deg som planlegg eller er i gang med helsefagleg utdanning / pedagogisk høgskuleutdanning, og kan tilpassast ein studiekvardag og gje verdifull praksis i studietida.

Vi søkjer også deg som ønskjer å kombinere helgestilling eller det å være tilkallingsvikar med anna arbeid. 

Ut i frå brukarbehov vil kjønn være av betydning for enkelte ansettelser.

Ønske om kvalifikasjonar:

Vernepleiarutdanna eller andre med relevant høgskuleutdanning, hjelpepleiar, helsefagarbeidar, omsorgsarbeidar, assistent.

Student på helsefagleg utdanning 

Det er ein fordel med praksis frå liknande arbeid.

Førarkort kl. B 

Det er krav om tilfredsstillande politiattest, den skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

Du må kommunisere godt på norsk og ha god skriftleg framstillingsevne for å kunne ivareta dialog og krav til dokumentasjon 

Du er/har:

  • gode samarbeidsevner men også evne til å arbeide sjølvstendig
  • fleksibel og ser løysingar
  • engasjert i arbeidet og motivert for å gje tenestmottakarane gode dagar og opplevingar

Vi tilbyr:

  • opplæring og rettleiing
  • studentavlønning
  • kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer

Vi gir tilbod om helsehjelp, praktisk bistand og opplæring til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov. Vi gjev også tilbod om avlasting i avlastingsbustad for familiar som har særleg tyngande omsorgsoppgåver. Vi har ulike formar for aktivitetstilbod og arbeid til brukergruppa ved Sommerrotunet aktivitetshus.

Mange som mottek tenester fra oss har behov for tilsyn og bistand hele døgnet. Boligane er litt spredd i sentrum og vi har også tenester i boligar som ikkje er tilknytt fellesbustadane. Når det kjem til fellesbustadane så bur nokre i leilegheiter de eig sjølv, medan andre leier kommunale bolig i borettslaget.

Søknadsfrist: 27. juli 2025

Les meir og søk på Surnadal kommune si heimeside

Powered by Labrador CMS