LESERINNLEGG:

dame foran skip
Randi Walderhaug Frisvoll, KrF Fylkestingsgruppe Møre og Romsdal

Stad skipstunnel – regjeringa sitt mageplask

Publisert

Prosjektet Stad skipstunnel er gryteklart. Folk har flytta frå heimene sine. Kommunar og næringsliv har investert 70 mill kroner i reguleringsarbeid, for å kunne ta imot steinmassene frå tunnelen til nye næringsområde. 

Desse areala skal legge til rette for fleire hundre nye arbeidsplassar i regionen. Totalt er det gjort 20 utredninger og det er brukt over 150 millionar kroner på prosjektet.

Stadt skipstunnel er allerede vedtatt i stortinget, har brei forankring og er ferdig planlagt.

At regjeringa no vil leggje Stad skipstunnel på is er det same som å sage av greina dei sit på. Truverdigheita til regjeringa fekk ein alvorlig knekk i dag. Den største verdiskapinga i Norge skjer langs vestlandskysten nettopp i regionen som Stad skipstunnel ligg. Skal vi no sjå stadig fleire gigantprosjekt med oppstart på austlandet i Bodø eller Moss? For det er nettopp det som hender. Der regjeringa seier nei til dyre prosjekt i Møre og Romsdal, starter dei opp andre dyrare prosjekt langt unna vårt område. Jernbane er viktig, men tryggheit for mannskap og forutsigbarheit for transport av varer er vel så viktig. 

Eg trur vi no vil sjå ein harme og eit opprør frå vestlandet. Dette finn vi oss ikkje i. Vi mottek langt færre overføringar frå staten enn verdiskapinga tilseier. Vi møringar kjem ikkje til å stå med hatten i handa når øvrigheita denne gongen kjem forbi oss.

KrF har lenge gått i front for tunnelen  – vi har bore den gule ledertrøya og jobba målretta kvar einaste dag for å halde trykket oppe for snarleg byggestart i 2026. Stad skipstunnel handlar om meir enn betong og dynamitt. Det handler om tryggleik for sjøfarande, grønare transport, framtidstru i distrikta og ein offensiv hav-nasjon. KrF kjem til å halde fram kampen  – heilt fram til første skip seglar gjennom tunnelen.

Powered by Labrador CMS