LESARINNLEGG:

Eivind Hasle

Klimapolitikk for framtida

Publisert Sist oppdatert

Etter at FN for få veker sidan la fram sin siste klimarapport, og det store klimatoppmøtet med 197 land har vore arrangert i Glasgow, m.a. med klar melding til alle land om å forsterke klimatiltaka sine, er vi mange som føler behov for å ta ei oppsummering. FrP, i Surnadal (jf Trollheimsporten 14/11-21) og sentralt har presentert sine synspunkt, med understreking av alt vi ikkje veit om klimautviklinga, med etterlysing av meir marknadsmakt i klimapolitikken, og med understreking av at det vil gå ut over velferda vår om ikkje olje- og gassindustrien får enda større fridom til å styre klimautviklinga.

Mykje kan seiast om slike vurderingar. Eg vil berre slå fast følgjande:

a) Det er grunn til å vere imponert av FrP som meiner å sitte på fagkunnskap om klimautviklinga på kloden vår som overgår FNs klimapanel og den i dag nokså samstemte vurderinga av den bekymringsfulle situasjonen for kloden vår. Og denne utviklinga synest det vere stor semje om har nær tilknytning til menneskeskapte utslipp, av CO2, metan og andre klimagassar – som m.a. påverkar klimaet på kloden til å bli «våtare, villare, varmare». Eit resultat er stadig fleire millionar klimaflyktningar frå område på kloden der folk ikkje lenger kan bu. (jf m.a. oppsummering frå Norsk klimastiftelse, september 2021)

b) Eit viktig prinsipp i klima- og miljøpolitikken er «føre-var-prinsippet», der det blir lagt vekt på at ein ikkje skal ta sjansar som kan føre med seg uoppretteleg skade. På kloden vår er vi alt farleg nær slike situasjonar, der t.d. all is ved polane og på isbreane kan forsvinne, temperaturen i havet kan endre seg og m.a. påverke havstraumane, og tundraen i Nord-Amerika og Sibir kan tine, med ubotelege utslipp av CO2-gassar som er lagra i dei store myr-landskapa. «Føre-var-prinsippet» synest ikkje vere del av politikken til alle parti.

c) I Glasgow fekk Noreg ein pris som «dagens fossil», som er ei tydeleg understreking av Noregs dobbeltrolle i miljøkampen. Gjerne vil landet stå fram som eit godt eksempel med ein offensiv, berekraftig miljø- og klimapolitikk, - og landet har også økonomi til å gjennomføre mange positive tiltak både innanlands og internasjonalt. Men samtidig er Noreg ein klimaversting og forureinar på linje med dei verste Midt-Austen-statane, som har tent og tener seg rik på olje- og gassproduksjon, og som insisterer på at det skal vi halde fram med.

Det er i alle fall sikkert at det ser mørkt ut for framtida til våre barn og barnebarn om det er FrPs kunnskapsvegring som skal styre klima- og miljøpolitikken framover. Og det vil vere tragisk om det første klima- og miljøminister Barth Eide frå DNA/SP-regjeringa måtte gjere då han kom heim frå Glasgow, var å svekke dei utilstrekkelege miljøtiltaka som Solberg-regjeringa hadde lagt fram før valet i haust.

Eivind Hasle
6650 Surnadal

Powered by Labrador CMS