LESERINNLEGG:

Einy Rendal Elgsæther

Adventsvandring

Publisert

Dette har vore ei forunderleg adventstid, ei mørkare adventstid enn vanleg.

Men for meg har det vore ei tid som har vore ei vandring, med forteljingar som har vore sterke og gripande. Ikkje minst gjennom fine litterære perler som er utgitt i år.

Litt seint å reklamere for julegåver, men likevel vil eg gjerne peika på dei.

Barne- og familieboka «Adventsstjernen» var ei heilt spesiell, vakker og gripande bok for kanskje å lesa sammen gjennom advent. Om sorg, om skuld, om einsemd, om toleranse og ikkje minst om å visa omsorg og mot. Ei spennande historie om ein redd asylsøkargut som skal sendast ut av landet og gøymer seg på ein låve, der ei jente finn han. Høgaktuelt i dag. Vi gav den til dei fleste av våre familiar i håp om å skapa medmenneskelege haldningar.

Og så var det historiene om to av våre største vitne for det kristne evangeliet. Vandringa med Paulus på hans misjonsreiser til han hamnar i fengsel i Roma. Dramatisk og spennande, sjølv om ein har lest det utallige gonger. Det er så rart å sammenlikna med ein anna forkynnar og vandringsmann, ein av Norges mest betydningfulle menn, Hans Nielsen Hauge og hans livshistorie som har kome på nytt i ei bok av Alv Magnus på Aschehoug, «Mannen som forandret Norge». Fantastisk spennande.

Paulus sat i fleire år i fangenskap hos keisaren i det mektige Romarriket. Men han hadde eigen bustad der han fekk ha sine medarbeidarar hos seg, fekk ha bøker og skrivesaker. Tenk på breva vi nyt godt av i dag, som han skreiv til oppmuntring for sine vener og kristne menigheter. Hans Nielsen Hauge sat i fengsel i 11 år, på einecelle, i Norge. Han fekk koma ut til lufting 2-3 gonger for året. I alle fall den første tida fekk han ikkje ha besøk. Han fekk ikkje ha Bibelen eller andre bøker eller lesestoff og ikkje skriva, korkje brev eller bøker som han alt hadde publisert mange av og som vart selde i rekordopplag. Etter opplagstalet var han ein av Norges mest leste forfattarar.

Det som for meg batt desse to livshistoriene sammen, var at dei begge var så gripne av evangeliet om Jesus, juleevangeliet, at dei ofra alt på vegen for å nå andre med det.

Da Hans Nielsen Hauge kom ut, var han ein helsemessig øydelagt mann, han som gjorde så mykje for landet vårt, for folkeopplysning og for demokratiet. Slik behandla kyrkja og styresmaktene ein av Norges mest betydningsfulle menn. Til ettertanke.

Og kor mange sit i fengsel for si trus skuld i dag? Menneskerettsorganisasjonar kan vitna om at det er svært mange.

Kanskje dette årets vakraste perle er boka av og om Svein Ellingsen, «Ingen er lenger alene på jorden», også ei adventsbok, ei praktbok med mange fine fargetrykk og tekstilinnbinding.

Svein Ellingsen, som er ein av vår tids aller finaste salmediktarar, og har flest salmar i den nye salmeboka, gjekk bort i vår, vel nitti år gammel. Denne flotte boka gir oss eit innblikk i ein sers var og sårbar forfattars tankar og sinn, med salmane som referanse.

Få har vel skrive så følsamt og sterkt om livet og døden med dei mest fullkomne formuleringar.

«Døden må vike for Gudsrikets krefter.»

Det er ei trøyst også i denne mørke adventstid.

«Vi ser deg, barn, og hører Guds hjerteslag på jord.»

Einy Rendal Elgsæther

Powered by Labrador CMS