LESERINNLEGG:

Todalsskulen

Einy Rendal Elgsæther

Det er visst vanskeleg å vita kva ein skal bruka Todalsskulen til etter at den vart ståande tom.

Eg var ikkje til stades da bygda drøfta dette, så eg kjenner ikkje alle detaljar. Men eg har nokre idear.

Først av alt: I dag kan det ikkje vera vanskeleg å vita det, da det er så stort behov for akuttmottak for flyktningar, noko som kan bli enda større. I skulen må det vera plass for hundrevis av feltsenger og madrassar. Og der er det både toalett og kjøkken, så det må vera ideelt til første krise er over.

Elles er det mykje hus i Todalen, som vi vel må kunne dela på i ein naudsituasjon, mitt eige inkludert. Vi håper sjølvsagt at denne situasjonen ikkje er permanent, men at det blir fred snart.

Mitt neste forslag: Museum og kulturhus. Bygda har ikkje museum, og det kunne kanskje kombinerast med kulturhus (sjå Bøfjorden), eller samlingsstad med bibliotek, musikkrom og aktivitetsrom.

No er det kanskje museum på kvar gard og delvis i gammelskulen, men det kunne vore nyttig å samla ein del ting på ein større plass. (Ps Eg kan bidra med bygdas første vedomn!) Ein gjenbruksplass er også svært nyttig. Vi treng ikkje dra til Skei med alt.

Eg som starta på Todalsskulen i 1948 tenkjer at det er for sørgeleg om den skal rivast eller ikkje brukast til noko nyttig.

Powered by Labrador CMS