LESERINNLEGG:

Johannes J. Vaag. (arkivfoto)

Mangel på sjukeheimsplassar i Surnadal?

Det er delte meiningar om det er nok sjukeheimsplassar i Surnadal. Eit fleirtal i Surnadal kommunestyre har stemt ned forslag om å vurdere og utgreie om nokre av dei 8 nedlagde sjukeheimsplassane skal takast i bruk igjen. Dette er fakta som klårt kan dokumenterast ved å gå gjennom protokollane for dei siste to møta i Surnadal kommunestyre. Eg har i tidlegare lesarinnlegg sitert ordlyden i dei nedstemte forslaga. Eg finn derfor ingen grunn til å gjenta desse her.

Det ser no ut til at det for året 2021 vil gå med om lag 1,5 millionar kroner i utgifter til gebyr for ikkje å ta heim ferdigbehandla pasientar frå sjukehus. Anslaget i desember lydde på vel 1 million kroner. Korrekt sluttsum for gebyr på årsbasis er ikkje heil klar enno, har eg fått informasjon om.

På siste møtet i hovudutvalet for helse- og omsorg, 3. februar, blei det opplyst at det pr. denne dato var 1 ferdigbehandla pasient på sjukehus medan 4 personar sto på venteliste for plass på sjukeheimen. Dei som har fått avslag på søknad om plass ved sjukeheimen kjem ikkje på venteliste. Av denne grunn er det så viktig at terskelen for å få sjukeheimsplass ved behov ikkje må bli for høg.

Talet på dei eldste eldre i Surnadal vil auke i åra frametter. Framskrivingstala frå Statistisk Sentralbyrå talar sitt tydelege språk i så måte. Elles er stoda slik at med fleire eldre i høg alder vil det bli fleire demente mellom oss. 60-80 prosent av bebuarane ved våre sjukeheimar er demente. På dette feltet har og vil Surnadal kommune få ei stor utfordring dei komande åra.

Surnadal eldreråd har i sine kommentarar til kommunebudsjettet for 2022 samrøystes foreslått å vurdere og ta i bruk 2-4 nedlagde sjukeheimsplassar. Så langt har ikkje eldrerådet sitt standpunkt fått gjennomslag i dei styrande organ i Surnadal kommune.

Presset på dei tilsette innan pleie- og omsorgssektoren er svært stort. Koronapandemien gjer ikkje situasjonen lettare. Stor ros til alle som står på!

Johs. J. Vaag

Powered by Labrador CMS