LESARINNLEGG:

Eivind Hasle

Pynting til jul

Publisert

Det går raskt mot jul – og det er kjekt å sjå korleis lokalsamfunna pyntar seg til helg og høgtid. Spesielt kjekt er det å sjå korleis all lyssettinga gjer haust- og vintermørkret lettare å akseptere.

Men samtidig vekker det undring å registrere at samtidig som media melder om ekstra stram kommune- og fylkesøkonomi i år, har det kome opp meir generøs lyssetting i sentrumsgatene og framfor kulturhuset i Surnadal enn det eg har registrert dei siste 20-30 åra. Kommuneøkonomien er jo så stram at det i år ikkje har vore økonomi til å skaffe juletre framfor kulturhuset, blir vi orientert om.

Då er det sjølvsagt kjekt at kraftlaget, bankane og næringsforeininga går med så romsleg økonomi. Dei kan synleggjere at politikarane styrer så dårleg at økonomien ikkje strekker til for normal offentleg verksemd, - medan den private aktiviteten er under klok og fornuftig styring. Det er ikkje rart at inntrykket lett festar seg hos mange om at meir privatisering må til både innanfor til dømes utdanning, eldreomsorg og kultur!

Etter mi vurdering er det kanskje like gjerne grunn til å spørre om det nasjonalt og politisk er fornuftig med slik «sulteforing» av offentleg økonomi – samtidig som i alle fall delar av den private verksemda og aktiviteten synest å kunne bidra noko meir til fellesgoda og fellesskapen!

Eivind Hasle

Powered by Labrador CMS