LESERINNLEGG:

jenny klinge

Godt arbeidsliv gir sterkt næringsliv

Jenny Klinge, Stortingsrepresentant for Senterpartiet

Eit godt arbeidsliv og eit sterkt næringsliv heng saman og er gjensidig avhengige.

Når mistillit blir erstatta av tillit, og konfliktar blir erstatta av samarbeid, er det verkeleg mogleg å få til noko saman. Det sterke trepartssamarbeidet mellom arbeidsgivarar, arbeidstakarar og staten som vi har i Norge, bygger opp om nettopp tillit og samarbeid.

Det legg til rette for at konfliktar som nødvendigvis må oppstå, til dømes i lønsforhandlingar, blir handterte på fredelege måtar.

Nettopp fordi alt dette heng saman, er det viktig å føre ein politikk som sikrar folk ei trygg inntekt og gode arbeidsvilkår. Samtidig må skatte- og avgiftspolitikk og offentleg verkemiddelapparat gjera det mogleg å starte opp og drive bedrifter og å skape arbeidsplassar.

Balanserte maktforhold i arbeidslivet og tilnærma full sysselsetting gir det beste grunnlaget for verdiskaping og velferd. Dette krev at arbeidsinnvandringa frå land utanfor Norden er kontrollert. Det er umogleg å oppretthalde eit norsk lønsnivå og rekruttere norsk ungdom til ulike viktige bransjar dersom tilgangen til lågt betalt arbeidskraft frå utlandet er for stor.

Sjølvsagt skal norsk næringsliv ha tilgang også på utanlandsk arbeidskraft. Balanse er stikkordet. Det tener ikkje næringslivet vårt på lang sikt om det knapt finst nordmenn med kompetanse innan enkelte jobbar etter kvart, som i somme av handverksyrka. Det blir dessutan for sårbart i tider der tilgangen på utanlandsk arbeidskraft blir mindre.

Vi i Senterpartiet vil ha eit trygt sikkerheitsnett for folk som ikkje kan arbeide, men også stimulere til at folk kan bruke den arbeidsevna dei har dersom dei ikkje kan jobbe fullt. Å inkludere fleire i arbeidslivet er bra for den enkelte og bra for velferdssamfunnet vårt. Slik får arbeidsgivarane også tilgang til meir verdifull arbeidskraft og kompetanse.

Eit velorganisert arbeidsliv er føresetnaden for eit trygt familieliv. Derfor vil vi i Senterpartiet halde fram med å kjempe for at Stortinget og ikkje EØS set rammene for det norske arbeidslivet, og for å sikre ei sterk arbeidsmiljølov. Vi vil fremme fagorganisering og ha landsomfattande tariffavtalar. Faste tilsettingar skal vera hovudregelen, med høve til midlertidige tilsettingar berre utifrå visse vilkår.

Kampen mot sentralisering er også ein viktig kamp for eit godt arbeidsliv og eit sterkt næringsliv. Det er ei negativ samfunnsutvikling når jobbar og tenester blir flytta langt vekk både frå den tilsette sjølv og frå innbyggarane og næringslivet.

Tenester nær folk inneber at også næringslivet har tilgang til nære tenester, og at folk kan halde fram med å bu spreidd i dette vakre landet vårt – utan å måtte pendle langt til jobben dei tidlegare hadde i nærleiken, eller i verste fall å måtte flytte.

Målet må vera levande lokalsamfunn i heile landet, med ryddige og gode arbeidsvilkår både i næringslivet og det offentlege framover, til det beste for heile samfunnet.

Powered by Labrador CMS