LESERINNLEGG:

Inntektene må opp!

Årsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag 2022

2022 er eit skjebneår for norsk landbruk. Gapet mellom inntektene til bøndene og andre yrkesgrupper har vakse år for år, og er forsterka av at kostnadene har auka mykje meir enn det vi kunne føresjå i jordbruksforhandlingane i fjor. Mange bønder slit med å betale rekningane sine. Dersom vi ikkje ser eit skikkeleg inntektsløft etter jordbruksforhandlingane i år, risikerer vi eit sterkt fråfall frå bondenæringa – med dei konsekvensane det får for matproduksjon og busetjing.

Russlands invasjon av Ukraina er ei grufull handling. Møre og Romsdal Bondelag uttrykker sterk medkjensle med det ukrainske folket og ukrainske bønder, med håp om ein snarleg slutt på krigen! Invasjonen viser også kor sårbar matproduksjonen i verda er, og kor viktig det er å halde oppe og auke matproduksjonen og sjølvforsyninga i Noreg.

I Hurdalsplattforma seier regjeringa at dei vil styrkje lønnsemda i jordbruket og tette inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet.

Årsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag krev på bakgrunn av dette eit kraftig inntektsløft for bonden. Det føreset at vi i årets jordbruksavtale oppnår

· ein solid start på tettinga av inntektsgapet, som må vere fullført innan utgangen av denne stortingsperioden

· full kostnadskompensasjon

· jord- og kvoteleige må med i berekninga av inntekta

For å tette inntektsgapet må kostnadsauken bli fullt ut kompensert først. Skal vi rekruttere til landbruksnæringa, krevst det inntekt på nivå med ein gjennomsnittslønnstakar eller industriarbeidarar.

Velferd

Landbruket må ha velferdsordningar som kan konkurrere med andre næringar. Dette er spesielt viktig for å styrkje rekrutteringa. Å vere bonde skal ikkje vere eit hinder for å få barn. Gode velferdsordningar i samband med svangerskap, fødsel og sjukdom må på plass snarast. Det trengst meir midlar til ferie og fritid for bonden. Dette er midlar som i neste omgang gir auka sysselsetjing og auka skatteinntekter til staten. Ei styrking av velferdsordningane er såleis både ei investering i god helse for bonden og i fleire arbeidsplassar i distrikta.

Investeringar

Stortinget har vedteke krav om lausdriftsfjøs for mjølkekyr og ammekyr innan 2034. Møre og Romsdal har driftsforhold som gjer at mange små og mellomstore bruk står i fare for å gi opp. Investeringsstøtta må aukast kraftig og i takt med kostnadsveksten, og midlane må hentast utanfor jordbruksavtalen.

Det er eit sterkt søkjelys på dyrevelferd for alle dyreslag. Møre og Romsdal Bondelag meiner det bør opnast for investeringsstøtte til både saue-, grise- og fjørfebruk, noko som kan bidra til å auke dyrevelferda, sikkerheita og arbeidsmiljøet for bonden utan å auke produksjonen der det ikkje er rom for det. Dette skaper også sysselsetjing i distrikta, det styrkjer matberedskapen og gir oss norsk trygg og god mat produsert med god dyrevelferd.

Powered by Labrador CMS