Landsemski og VM 2025

Landsemski og VM 2025 tema i Torshall

Det har knapt vore samla fleire ski-kjendisar i Rindal sidan OL-uttakinga i 1952, enn det var i Torshall der Trøndersk Skilaug hadde sitt årlege haustmøte.

Publisert Sist oppdatert

Det var fullt hus inne i Torshall da Ola T. Heggem ønska forsamlinga velkommen til Rindal. Dei hadde vald å arrangere dette haustmøtet som ope møte for å lansere boka om Landsem Skifabrikk og å få ein presentasjon av VM 2025 Trondheim.

Landsem i fokus i Torshall!

Trøndersk skilaug er ein medlemsorganisasjon som består av tidlegare landslagsløparar og ledarar, og mange "vanlege" folk.

som har jobba på kretsnivå. Trøndersk Skilaug har hatt samlingar i Rindal før, men ikkje med så mange frammøtte. I tillegg til lokale møte, arrangerer skilauget turar til VM. Dei har også delt ut stipend til unge, lovande utøvarar.

President i Trøndersk Skilaug Ola T. Heggem på heimebane

Styreledaren har tittelen president, men Ola T. Heggem er så beskjeden at han brukar den tittelen berre i byen, fortalte han. Erik Andersen, som er generalsekretær i Trøndersk Skilaug, hadde helsing etter Ola T. Her i Rindal kallar han seg berre sekretær, sa han.

Terje By presenterte boka om Landsem Skifabrikk, "Landsem skifabrikk - et eventyr fra Rindal", som skilauget står bak, og som dei lanserte med dette arrangementet.

Det var litt tilfeldig at Terje By tok på seg oppdraget med å skrive denne boka, men han angra ikkje på det. Det har vore ein interessant oppgave. Han takka alle, og særleg Landsem-familien, for positiv hjelp.

Even Landsem, fødd 1911, var gründer. Han laga ski, først i tørstøggu på Rindalsholt, heimen til kona, så i kjellaren på Holt, huset han bygde seg, før han rundt 1950 flytta inn i eigen fabrikkbygning. Even var ikkje berre skimaker, han var skiledar også.

-Ha ittj Even masa på me, så ha e ittj vorte me på ski ette krigen, skal Mikal Kirkholt (sølv stafett OL i 1952) ha sagt, i følge By.

Landsem Skifabrikk følgde med i utviklinga av skiproduksjonen, og i 1963 lanserte dei ski med balsainnlegg. Desse skia vart svært lette og vart ein suksess. I 1967 bygde dei ny fabrikk frampå Bjergen. Så kom glasfiberskia, som først berre var brukt i alpin. I 1975 vann Oddvar Brå verdenscupen på ny generasjon ski, glasfiberski laga i samarbeid med Blizzard.

Toppmøte i pausen, skikonge Oddvar Brå, VM 2025-sjef Berit Svendsen og Ingvil Snøfugl som er tilsett som kommunikasjon og samfunnskontakt i VM 2025.

På 60-talet gjekk heile den norske skieliten på Landsemski. I OL 1968 gjekk tre av fire på det norske vinnarlaget på Landsemski. Harald Grønningen var første OL-mester på Landsemski.

Aktuell veggdekorasjon.
Otto Ulseth leda panelsamtalen

Magne Myrmo var, som kjent, siste verdensmester på treski, Landsemski.

Marit Myrmæl trudde at alle ski heitte Landsemski da ho var lita. Ho tok etter kvart visstnok 21 NM-medaljar på Landsemski i perioden 1973 – 84.

Bjørn Rune Gjeldsten var ein av dei beste juniorane i landet. Dette gjorde, i første omgang, at han fekk gratis ski frå Landsem. Dei gode gode resultata førte til at han fekk eit såkalla skistipend på eit universitet i Amerika. Han tok økonomiutdanning og vart næringslivsmann.

I 1987 vart Anne Jaren siste verdensmester på Landsemski i Oberstdorf.

Thor Gotaas

Thor Gotaas hadde også eit fyrverkeri av eit innlegg! Han fekk sagt mykje på kort tid. Han runda av med å slå fast at overetableringa av skifabrikkar etter OL i Lake Placid 1980 var med å rive ned grunnlaget for mange skifabrikkar, også Landsem Skifabrikk.

Panelsamtalen vart leda av Otto Ulseth (t.v), vidare ser vi Marit Myrmæl, Oddvar Brå, Berit Aunli og Johan Landsem.

Vi fekk deretter ein samtale på scena mellom stjernepanelet Marit Myrmæl, Oddvar Brå, Berit Aunli og Johan Landsem. Otto Ulseth leda samtalen. Alle hadde eit varmt forhold til Landsemski og velkjent karriere for dette skikyndige publikummet.

Berit Aunli og Johan Landsem og dei andre i panelet hadde ein fin samtale.

Dei hadde sine gode minner om samarbeidet med skifabrikken. Sterkaste minnet målbar Berit Aunli da ho fortalte kor stort det var da ho som junior fekk skipose med namnet sitt på! Den hadde ho i mange år. Berit heva også stemmen sterkt da ho minte oss om kor stor skilnad det var på forholda for damene samanlikna med herrane på 70-talet.

Vi fekk også høre om utviklinga av forholda for utøvarane, frå at dei hadde eit skipar for våtsnø og eit for tørrsnø og at dei smurte skia sjølve, til det teamet som følgjer med no.

Før landslaget hadde serviceteam, følgde Einar Østby alt i 1976 løparane som servicemann for Landsemski.

Dei var nok ikkje så opptatt av skia den første tida, fortalte Brå. Smørninga var det dei var opptekne av. Det var svenskane som starta først med skitesting, men ein kan nok mistenke Even og Johan Landsem for at dei kjente godt på spennet i skia før dei gav dei til løparane sine.

Ulseth pressa panelet litt på kva avtalar og lønnsvilkår Landsem hadde med løparane sine, utan at det kom noko negativt frå dei.

- Dem va enkel å ha med å gjerra, sa Johan Landsem.

Meldalen Marit Myrmæl satt i panelet

Samtalen vart avslutta med at panelet fortalte om sitt største minne med Landsemski. Der sette Marit Myrmæl punktum med å legge fram at det ikkje var skia ho mintes mest, men at det var folka, Even og Johan var annleis enn alle andre! No hadde ho ikkje sett Johan sidan 1997, og derfor sa ho ja til denne panelsamtalen og denne turen til Rindal.

Travelt på kjøkkenet!

Etter ein pause med boksalg, signering og servering, var forsamlinga klare for andre hovuddel av programmet: Møte med VM 2025 Trondheim.

Boka "Landsem Skifabrikk. Et eventyr fra Rindal" kostar kr 300, og du kan kjøpe den på Skimuseet og Rindal Sparebank. Den kan også bestillast i e-post hos skilauget@gmail.com.

Kø for signering

Styreledar Bård Benum minte om uttrykket «Fra Rindal til Bindal» og meinte at det var naturleg å presentere organisasjonen rundt VM 2025 Trondheim her i Rindal. Dette skal bli framtidas VM og alle skal inkluderast. Det skal ikkje vere berre for toppane.

På scena i Torshall stilte Benum med Berit Svendsen, som er sjef for heile VM-arrangementet og Kristin Mürer Stemland, tilsett som forretningsutviklar til samtale leda av Ingvil Snøfugl som er tilsett som kommunikasjon og samfunnskontakt.

Ingvil Snøfugl (t.v.) leda samtalen mellom Berit Svendsen, Bård Benum og Kristin Mürer Stemland.

Bård Benum gjorde det klart at dei la lista høgt: Ambisjonen er å overgå Oslo. Bærekraft er eit nytt begrep for slike arrangement. Det må eit stort skiarrangement levere på for å overleve. Alt skal formidlast til verda, til dei som ikkje kan vere tilstades. NRK har ikkje rettane til VM 2025. Det blir også ei utfordring å forhalde seg til selskapet Infront som har TV-rettane til VM 2025.

Barn og unge skal inkluderast. Likeverd og stimulering av skiinteressa både som leik og som vidare satsing er ei av målsettingane. Dei skal også få ta del i utvikling av logoar og maskotar.

Så er det kritikk av pengebruk. Pengebruk er ikkje trønsdersk, slo Benum fast. - Anlegget i Granåsen kjem til å bli det beste anlegget for kvardagsaktivitet i landet, sa Benum.

Berit Svendsen erklærte at VM 2025 skal bli eit overskottsarrangement. Det vart seld 300 000 billettar under VM 1997. Dette arrangementet vil skape ringverknader for regionen gjennom dei besøkande og dei som følgjer stemnet i media.

Ledargruppa vil reise rundt og presentere prosjektet slik dei no gjorde i Rindal og mange andre plassar i regionen.

VM 2025 har bruk for mange frivillige, og det har alt meldt seg folk både på telefon og epost. Ein som hadde lang erfaring som løypevakt i store renn meldte seg i ein epost og spurte om han aller ærbørdigst kunne få vere løypevakt i Trondheim. Det var faktisk ein i salen som hadde reist heilt frå Eidsvoll til Rindal for å melde seg som frivillig!

Kristin Mürer Stemland var litt bekymra for at det vart lagt så stor vekt på utstyr og forretning, og ikkje på sporten og sportsgleda. Ho hugsa elles godt VM -97 som ei kjempestor oppleving. Det inspirerte henne til å satse på skiidrett.

- Vi må få til noko like bra!

Kristin har alt møtt unge på Gløshaugen for å fange opp idear. Kan ulike elektroniske sensorar brukast i eit VM-arrangement? El-Watch i Rindal er eksempel på ei slik sensorbedrift.

Frå salen kom det spørsmål om kulturarrangement ville vere viktig. Det bekrefta Benum!

- Vi treng ikkje dra langt ut i verda for å finne store kulturaktørar, sa Bård Benum. - Folkefesten frå 1997 skal gjenskapast!

Karstein Mauset fekk møte hoppidolet sitt, Bjørn Wirkola.
Ein reporter sikra seg Bjørn Wirkolas signatur i Landsemboka si
Powered by Labrador CMS