ANNONSE:

Markering av 17. mai i Åsskard kyrkje

Åsskard på nasjonaldagen:

Samling ved kyrkje og bauta

Prest eller ikkje: Åsskard kyrkje markerer 17. mai som festdag også i år. Ei kort gudsteneste ute ved kyrkjetrappa blir avrunda med tradisjonell samling ved soldatbautaen.

Sidan presten har permisjon, organiserer soknerådet, i samråd med prosten, ei kort gudsteneste før den årlege minnehøgtida ved bautaen.

Ei gruppe frå koret P17 saman med klokkar Randi Bøe og organistvikar Bernt Bøe fører an i ein halvtimes program med nasjonale salmar, bibelvers og andakt. Denne har temaet «Flagget og korset» ettersom vårt norske flagg feirar 200 år i år. Takkofferet går til musikkarbeidet i kyrkjelyden.

Samlinga skjer under open himmel framfor kyrkja - med trygge sitteplassar i koronaavstand. I tilfelle dårleg ver tek ein kyrkjerommet i ansvarleg bruk.

Etter mini-gudstenesta vil Gunhild Bøklep Bøe i regi av Bøfjorden Historielag halde tale med kranspålegging ved soldatbautaen attmed kyrkja.

Programmet tek til kl. 12.00.

Songarar frå koret P17 deltek i samlinga på nasjonaldagen.
Gunhild Bøklep Bøe er årets talar ved soldatbautaen attmed Åsskard kyrkje. (Foto frå ei tidlegare minnestund ved bautaen)
Powered by Labrador CMS