ANNONSE:
Haustsong i Stangvik kyrkje
Torsdag 25/11 kl 19.00 byr soknerådet i Stangvik på haustsong. Dette er ein tradisjonell songkveld der vi får høyre og synge med på kjent salmer og songar som handlar om hausten og førjulstida.
Medverkande er Tordenskjold songlag med dirgenten sin Elin Persson og songsolist Marit Løfaldli.
Tordenskjold, som ble stifta i 1908(!), har songkvelden som oppladning til sin eigen konsert med Oddgeir Bruaset i Ranes kyrkje 1/12, så det er eit songlag i songform me får høyre denne haustkvelden.
Songaren Marit Løfaldli er frå Rindal. Ho er songar og lærar på musikklinja ved Orkdal Vidergåande Skule, i tillegg jobbar ho som logoped. Marit skal synge nokre fine folketonar og adventssongar for oss.
Arrangementet er gratis og soknerådet håpar å sjå mange sangglade i kyrkja denne kvelden.