Surnadal kommune melder:

Helsesykepleier Marianne Hansen Røv.

Gladmelding: Mange får no tilbod om oppfrisknings­dose 3 med korona­vaksine

Folkehelseinstituttet tilbyr no tredje dose koronavaksine til ein større del av befolkninga.

Tidlegare er ei ekstra dose koronavaksine gitt til personar med svekka immunforsvar. No skal nye grupper få ei oppfriskingdose for å forlenge det gode vernet mot alvorleg sjukdom ved eventuell koronasmitte i tida etter gjenopninga.

Det er vaksinetypen Comirnaty frå Pfizer som tilbys som oppfriskningsdose og den kan gis tidlegast 6 månader etter dose 2.

Slik gjennomfører vi vaksineringa med dose 3 i Surnadal:

Vi skal først gjere oss ferdig med influensavaksineringa den 1., 2. og 3. november i Surnadal kulturhus. Så skal det gå ei veke før ein kan få koronavaksine. Vi kjem med meir informasjon i avisene om influensavaksineringa.

Innkalling til dose 3 startar opp frå midten av november. Vi gjer dette akkurat som sist. Det betyr at når det blir din tur i køen vil du få ei innkalling på SMS frå c19 som du skal svare på. Vaksineringa vil også denne gongen foregå på fredagar på Surnadal kulturhus.

Kommunen følger FHI si prioritering av grupper som først får tilbod om dose 3:

  1. Bebuarar i sjukeheim
  2. Alder 85 år og eldre
  3. Alder 75 - 84 år
  4. Alder 65 - 74 år

Ikkje for seint å få dose 1

Dersom du er ein av dei som enno ikkje har vaksinert deg , kan du få dose 1 saman med dei som får dose 3 ein av fredagane framover. Du kan enkelt kontakte vaksineteamet på epost: vaksine@surnadal.kommune.no

Sjekk kommunens vaksinekalender

Vi oppdatere kommunens vaksinekalender til vi er i mål med dose 3. Her vil ein kunne sjå kva aldersgrupper som er kalla inn den aktuelle veka.

Informasjonen er henta frå Surnadal kommune si heimeside.

Powered by Labrador CMS