ANNONSE:

Sokna i Rindal og Surnadal sine sommarleirar

DAGSLEIR FOR DEG SOM ER FERDIG MED 1. KLASSE

5. august 2022 på kyrkjelydshuset i Surnadal

I kjent leir-stil vil det vere fokus på uteliv, leik, bibeltime og mykje moro. Fleire av ungdomsleiarane blir med. Vi startar dagen kl.08.00 og er ferdige kl.16.00. Skyssordning frå Rindal kirke kl.07.30 med retur 16.30. Deltakaravgift på kr.100,00. Du får frukost, lunsj og eit fruktmåltid. Meir informasjon får du når du har meldt deg på. Påmelding ligg på surnadal.kirken.no.

Påmeldingsfrist 27.juni.

Spørsmål kan rettast til Elsa Jensvold 99518162 eller Surnadal kyrkjekontor 71657060 (måndag-fredag 10.00-14.00 )

SOMMARLEIRAR 2022 FOR DEG SOM ER FERDIG MED 1.-4.KLASSE

Sokna i Surnadal og Rindal arrangerer sommarleir i år og. Gråhaugen er fortsatt beleira av anleggsarbeid, og vi prøver oss på leir på Solhøgda leirsted i Ålvundfjorden.

Ungdomsleiarane blir med, og vi har vårt eige opplegg slik som vi har hatt i over 10 år.

Det vil seia aktivitet fra morgon til kveld. Solhøgda er eksperter på å ha leir, så her er det mykje aktiviteter inne og ute. Dette har vi tru på at blir ein fin leirplass.

Overnattingsleiren for deg som er ferdig med 2.-4.klasse er frå 2.-4. august. Oppstart på formiddagen tysdag 2.august og avslutning torsdag 4. august på ettermiddagen.

Vi skal gå på tur, fiske i fjorden, bruke kano og båt, konkurrere og løyse oppgåver saman.

Du som er ferdig med 1.klasse, kan melde deg på dagleir på Kyrkjelydshuset fredag 5.aug. kl.08.00-16.00.

Leirane har redusert pris av di dei er ein del av trusopplæringa i sokna.

Påmelding ligg på heimesida www.surnadal.kirken.no.

SOMMARLEIR FOR DEG SOM ER FERDIG MED 2.-4. KLASSE

2.- 4.august 2022 på Solhøgda Leirsted

Velkommen til kyrkja sin overnattingsleir. Denne gongen samlast vi på Solhøgda Leirsted i Ålvundfjorden.

I tre heile dagar skal vi gå på tur, fiske på fjorden, bruke kano, lære om Jesus, være med på drama og hobbyaktivitetar og ha det moro i lag.

Mange ungdomsleiarar blir med i år og. Det er nok dei du kjem til å vere mest saman med gjennom heile leiren.

Vi skal konkurrere og løyse oppgåver saman i grupper. Kanskje blir du med på den gruppa som får det beste resultatet.

Påmeldingsmodulen ligg på kyrkja si heimeside (www.surnadal.kirken.no). Frist for påmelding: 27.juni 2022. Du får meir informasjon etter at du har meldt deg på leiren. Pris kr. 800,00. Søskenmoderasjon kr.100 pr. søsken.

Spørsmål kan rettast til Elsa Jensvold Tlf.:99518162 eller [email protected]

Powered by Labrador CMS