Ved juletreet er eg, far Peder Melhus, mor Målfrid og bror Jon. Stebestemor mi Inga Øye sitt i midten. Hunden heiter Stella og er ein buhund som far akkurat har kome heim med, overraskande, frå søskenbarnet sitt Ola Ranes i prestegarden. Hunden vart snart alles yndling sjølv om mor mi mange gonger tidlegare sa, når vi masa om hund, at «kjem det hund de gards så reiser eg».

Juleminne

Reidunn Halle har sendt inn fine juleminne og juleskildringar frå barndom- og ungdomstida si. Ho skriv om tradisjonane, folket og festane i Surnadal på 40- 50- og 60-talet.

Jula er den tida da gamle minne trer aller tydelegast fram for meg, og her eg står og knøar deigen til både grovkakå og dei fine julebrøda med rosiner til årets jul, så flyg tankane attover i år som har gått og alt medan brøda hevar seg og steiker seg, så tar eg meg turar bort til PCn og prøvar å skrive ned nokre av desse minna som dukkar opp. Frå tidleg barndom av, rett etter krigen, og fram til først på 60-talet.

Eg kan enno hugse forventningane og spenninga når jula nærma seg. På skulen teikna vi julekort og gav til kvarandre . Vi byrja å lære oss, og til slutt å synge alle julesongane fint. Snøen og kulda hadde kome. Vaskarane på skulen, som og var fyrbøtarar, hadde stått opp tidleg i dag. Den store omnen i skulestua hadde gjort rommet godt og varmt. Ute knitrar det under beksømskorne der eg vandrar heim frå skuleveg. Vel heimkoma høyrer eg bestemor som kjem trippande ned loftstroppa frå 2. etasje. Ho spør: «Reidunn, du går vel ein tur nedover Moainn og sel desse julehefta for meg du». Og eg gjekk, og hefta vart selde. På kvar plass, trur eg. Dette gjentok seg på same vis. Kvart år. Heile oppveksten. Eg gjekk. Og hefta vart selde. Kanskje gjekk eg meir av plikt enn av glede, men eg kan ikkje hugse at eg kvidde meg på jobben.

Ein annan ting som bestemor spurte meg om å vere med på og som nok likevel var mykje artigare, det var å bake småbrød. Å stå der ved kjøkkenbordet og trille ut serinakaker og peppernøtter og sette kokostoppane på plata. Det var artig, det. Å sjå korleis eg etter kvart fekk kulene til å forma seg i handa mi og bli slik som eg såg at bestemor fekk det til.

Her har eg på meg eit seleskjørt som var i ein av pakkane , og eg trur og at den kjolen mor har på kom frå Amerika. Dokka eg held i høgre handa er den dokka eg fekk av tante og onkel som eg vart så glad for.

Etter krigen var det dårleg vareutval på butikkane, både av mat, spesielt frukt, og klede. Men familien vår var av dei heldige som hadde slekt i Amerika. Og dei var snille og hjelpsame og sendte store pakkar til oss kvart år den første etterkrigstida. Å du å du, for ei spenning når vi stod og skulle opne desse pakkane! Eg kunne meste ikkje vente til vi fekk papiret av så eg fekk sjå kva som var inni i år. «Å nei men, sjå her, den fine kjolen, og seleskjørtet , og blusen med blondekrage». Ingen av vennene mine hadde så fine klede. Nei, aldri om eg trudde dei kunne ha det. Han som sendte pakkane hadde eit barnebarn, ei jente som var eit par år eldre enn eg, og difor passa det slik akkurat at eg kunne arve klede hennar når ho vaks tu dei. Enn å vere så heldig. I ei etterkrigstid!

Fleire år kom det og store kassar med frukt frå dei. Eg hugsar både appelsin og eple i dei kassane. Da store, raude eple seinare vart å få kjøpt i butikkane her, kalla vi dei for Amerikaeple. Ein stor pakke med tyggegummi i slike flak, de veit, fekk vi og sendane frå dei. Det var første gongen vi såg slikt. Dei vart så populære i nabolaget at ein gjeng gutar såg sitt snitt ein gong sjølfolket ikkje var heime og fann seg nokre pakkar i skåpen der dei visste dei fantest.

Utover på femtitalet vart det meir utval også i kjolety i butikkane i bygda og det var fast takst at to gonger for året fekk eg ny kjole, eller det kunne vere ei drakt. Det var til jul og til 17.mai. Da måtte vi på Øra og det var hos Heggseth dei hadde det finaste stoffet. Store stuvar borti hylla kunne gjere det vanskeleg å velje for mor og meg, men ho Molla og ho Anna var svært behjelpeleg med å finne eitkvart som passa meg og som eg kunne like. Mor sauma ikkje slikt. Så da måtte vi på bygda for å tinge skreddar. Både Ane på Rørvold og Marit Mogstad var flinke sydamer og dei hadde på haugevis med blad slik at vi i fellesskap kunne ta ut den modellen som vi trudde ville bli bra. Når sydama hadde sydd kjolen slik at vi kunne sjå om den vart passeleg, så vart det ein tur for å «måt på». Knappenåler vart sett i og tråkling vart gjort, og så var det å vente på ny beskjed om at no var kjolen klar for henting. Eg hugsar at Ane hadde eit rom der det alltid hang dei finaste kjolar på rekke og rad. Slik var det når ein skulle ha ny kjole gjennom heile barne- og ungdomstida mi. Enklare i dag.

I desember kom slaktaren på besøk for å sikre at julematen og var klar. Han Tore for frå gard til gard, og grisen laut til pers. Ut av fjøset, med den vonde skrikinga, og opp på kjelken. Dei dagane lika eg dårleg. Å sjå grisen, som eg hadde gått og gjeve mat, og klappa litt på, få slik medfart! Nei, da for eg som regel heimafrå og besøkte ei venninne. Når eg våga meg heimatt hadde dei vaksne alt starta arbeidet med blodet og innmaten. Blodet måtte rørast i lenge.

Ein gong spurte far meg om hjelp til dette, men da vart det tvert nei, og han spurte aldri oppatt. Men blodpølsa, eller korven som vi sa, var den beste maten som tenkast kunne. Og nykoka med litt grynkorv attåt, som var laga av innmaten, vart det retteleg herrekost. Korven var i typosar og desse posane oppbevarte vi ganske lenge i eit trau i eit kaldt rom i huset. Dei stod seg slik og vi kunne ha steikt korv i mange dagar og veker.

Men når mølsgrauten skulle kokast og den gode lukta spreidde seg i huset, og når potetlefsene vart baka i store leivar, da for eg ikkje heimafrå, da var det artig å vere lita jente og få sjå på, og kanskje og få smake litt. Ja, kanskje til og med lære litt. Dette måtte gjerast dei siste dagane før jul for at det skulle vere ferskt og godt. Det var ikkje vifte på kjøkkenet den tida, så når vi koka grauten rann gåvet nedover veggane i store renner, så etterpå måtte kjøkkenet rundvaskast. Ribba og kotelettane av grisen var det heller ikkje berre å legge i frysaren, nei alt dette måtte hermetiserast og oppbevarast i kjellaren til det skulle brukast.

Julekvelden hadde vi alltid av dette hermetiserte kjøttet og eg hugsar det som veldig godt når det var tillaga slik. Etter kvart vart det frysarar på eit par plassar i bygda der vi kunne få leige ein fryseboks å ha maten i. Vi hadde ein slik boks hos Grimsmo på Øra. Eg var redd for å gå inn dit åleine. Det var skikkeleg skummelt, for eg innbilte meg at eg kunne bli innestengt og fryse i hjel. Mor mi fortalte at da ho vaks opp var det alltid lutefisk og mjølkesuppe som var julkveldsmaten, men da mor var 13-14 år døydde mor hennar, og etter nokre år gifta bestefar seg opp att med bestemor Inga som var sunnmøring. Ho var det som kom med den skikken at det skulle vere ribbe eller kotelettar. Mest ribbe etter det eg hugsar.

Viktige personar som alltid sette ein ekstra spiss på julekveldsfeiringa vår var onkel Olav , og tante Ingebjørg saman med mannen Peder. Dei var mor sine søsken. Onkel Olav var denne tida ungkar. Han var lærar og budde på Notodden og kvar jul kom han til Surnadal og feira jula saman med familien. Vi ungane gledde oss stort til han skulle kome. For det første var det veldig artig å snakke med han. Vi kunne og få oppleve å få sjå på at han spela sjakk saman med ein kamerat, men da måtte vi vere stille. Og så visste vi at han bruka å ha med seg spennande gåver heim.

Ein gong da han kom heim sa bror min etterpå at «han onkel han vart så glad da han såg meg at han løfta meg høgt oppi taket». Men kanskje var guten enno gladare? Eg hugsar i alle fall at han sprang på firaføtene bortover golvet da han såg han kom. Onkel bruka kjøpe pakkane før han kom, men det var fast takst , rett før høgtida vart ringt inn, at han kom ned og spurte om vi hadde litt papir til han. Slo kje feil.

Når klokken byrje å ringe inn jula i Øyakyrkja, gjekk dei fleste av oss ut ei stund. Ofte kunne vi høyre klokkene godt og det vart ei fin høgtidsstund der ute i gardstunet. Denne tida var det, etter det eg hugsar, ikkje vanleg med gudsteneste juleftan her i bygda. Det var 1. juledag at folk gjekk til kyrkja, og i nerbygda var det i Øye kyrkje. Tante Ingebjørg og onkel Peder var hos oss og hos Peder sin familie annakvart år. Eg sakna dei alltid dei åra dei ikkje var hos oss. Spesielt tante var så eineståande snill og var alltid med når vi ungane spurte om ho ville vere med og spele Svarteper eller Ludo eller eitkvart. Og så var ho så musikalsk og spela både orgel, t.o.m. kyrkjeorgel, og gitar. Ho var og fast innhyra til å spele på juletrefestane på Honnstad skule så lenge ho klarte det for helsa. Det var av tante og onkel eg fekk den dokka som eg vart så glad for, og som eg skriv om lenger ut i stykket. Neste år fekk eg ei heimlaga dokkeseng som ho passa akkurat inn i. Tante vart tidleg sjuk av MS og forlot oss dessverre alt for tidleg.

Tidleg juleftan var eg ofte med bestefar oppi Øyatrø, på husmannsplassen der han vaks opp, og hadde opp kornband til fuglane i eit tre som stod attmed restane av huset. Vel heime att var eg med mor og far og pynta juletreet. Det siste som vart hatt opp i stua var eit slags girlander som vi festa i ein bjelke som gjekk midt i stua. Der hang det bjeller og i midten hang det ei stor ei. Det var ikkje rettelege bjeller men bjeller av papir som ein bretta inn eller ut etter som om dei var i bruk eller ikkje. Det var sikkert eit slags krigsvare. Men eg tykte det var veldig spesielt og fint og eg heldt meg panne hard på at dette skulle opp. Kvart år. Elles vart det ikkje jul for meg. Og slik vart det.

Første delen av julekvelden forgikk alltid oppe hos bestemor og bestefar. Da hadde bestemor sett i ekstraplatene på rundbordet og dekt på med kvit duk og det finaste serviset når vi vart ropa opp. Så las bestefar juleevangeliet og så song vi eit par songar. Alt var veldig høgtidleg og fint, sjølv om eg og bror min snart byrja å stunda etter at vi skulle gå ned troppa til stua vår der juletreet stod, med pakkar under. Trea bruka far å hente i skogen vår oppi Øyagardsliene. Og det var omtrent alltid gran. Det var mor og eg som helst ville ha det. Å gå rundt juletreet var veldig koseleg, og det gjorde vi kvart år. Som regel var det nok folk til at vi akkurat rakk saman til ein ring. Det var mange flinke songarar i den ringen og vi song alle songane vi kunne, trur eg.

Etterpå var tida koma for å opne pakkane. Det var ikkje den haugen med pakkar som ungane får i dag, nei, men vi sette kanskje meir pris på det vi fekk da enn no? Eg hugsar i alle fall enno enkelte ting som eg vart veldig glad for. Ein gong fekk eg ei fin «kjøpedokke» som eg vart så glad for at eg mesta skjemtest etterpå. Det var noko anna det enn den gamle lervdokka mi. Eg var ei retteleg lesejente, og hadde nok hatt mest lyst til å lese omtrent heile tida. Eitt år , trur det var da eg gjekk i 3. klasse, og når eg da fekk spørsmål om kva eg ønska meg til jul så sa eg bok. Ønskene var oppfylt. Den jula fekk eg 7 bøker. For ei lykke! Trur eg las dei ut før jula var omme. Eg minnest i alle fall at eg las ut ei heil bok om julekvelden.

Men det var ikkje riktig alltid at julegåvene fekk den verkninga som tiltenkt. Eg hugsar eit år at Jon, bror min, fekk ein svart, liten hund. Hunden var kopla til ein slange som enda i ei kule/ballong. Når ein trykte på denne så byrja hunden å hoppe bortover golvet. Eg trur han bjeffa litt og. Jon, som ikkje var store karen, og som nok heller aldri hadde sett noko liknande, vart livande redd, og hunden vart raskt tatt bort og gøymt ut av åsyn, til fordel for fredelegare ting.

Eg, bestemor og bestefar, Inga og Jon Øye, på tur heim frå kyrkja i 1956 eller 57. Nysnøen låg så fint i trea den dagen og mor kom springande med kassaapparatet (kameraet) sitt da ho såg vi kom og ville ta bilde av oss. Det er eg glad for at ho gjorde, for dette er eit bilde eg har sett veldig stor pris på å ha hatt.

Første juledag var eg ofte med besteforeldra mine til kyrkja. Bestefar var klokkar og eg hugsar at eg ein gong fekk sitje saman med han der framme som klokkaren bruka sitje. Da følte eg meg litt viktig, men og litt oinnsela. Elles var skikken at 1. juledag skulle ein vere heime. Det var «ikkje lov» å gå bort da utan at ein var heimbeden. Og dette vart praktisert ganske strengt i grenda der eg vaks opp. Eg snakka her eine dagen med ei nabojente som sa at, ja slik var det, og ho fortalte at ho og ei jente på nabogarden, dei kunne stå ute og rope til kvarande heimafrå.

Det var vanleg, også utover i romjula å ha selskap for den næraste familie. Som ei veldig artig, og fast tidtrøye hos oss vart kurongbrettet sett på stuebordet i jula. Det var som regel 1. juledag, og det vart spela både vel og lenge. Hos oss var det helst karane som spela, men eg tykte det var veldig artig å stå og sjå på. Elles var det mange selskapsleikar vi kunne halde på med, både i desse familiesamankomstene og i større selskap. F.eks. å gøyme ei trådsnelle som ein av oss skulle prøve å finne. Den som leita spurte da om det var foggel hæll fesk. Så fekk han/ho diverse signal når dei byrje å kome nær snella.

Ein annan leik var «Min venn». Da skulle ein gå ut og dei andre skulle bli einig om ein person som vi skulle gi diverse oppysningar om til den som var ute, slik at vedkomande da skulle prøve å finne ut kven vi tenkte på.

Elles heldt vi må med mange typar spel. Interessa og mulegheita for å vere med på dette forandre seg etter kvart som vi vaks til. Kinasjakk tykte eg etter kvart var veldig artig. Og det var andre brettspel. Ludo og mil var populært. Ludo er det berre flaks som avgjer, medan mil er eit tankespel. Da er det om å gjere å få skuvmil. Da har ikkje motspelarane ein sjanse. Gammeltante Anna på Kvenna var ein ekspert. Eg har ikkje høyrt om nokon som var i stand til å hindre henne i å få skuvmil. Eg prøvde eit par gonger, og tok meg riktig på tak. Men den gang ei. Anna vann. Kvar gong. Ho satt og kosa seg og song litt innimellom trekka og, hugsar eg.

Kurong i Rønningainn på Kvanne. Nils Melhus og kona Ragna. Anna Nordvik, Målfrid Melhus.

Kortspel var det mange variantar av. Det var Svarte Per som vel var det enklaste. Den som tapte skulle eigentleg få ein svart sotflekk på nasen. Men den regelen vart sjeldan praktisert hos oss. Så var det diverse spel med kortstokken. Det kunne vere Lygar, Mattis, Olsen eller 5hoinner. For dei meir vidarekomne var det Amerikaner og Whist. Her spela vi to saman og vi måtte bruke tankane og m.a. prøve å hugse kva for kort som hadde vore spela. Desse spela trøydde vi oss med både i romjula og om kveldane og helgene elles i året og.

Far, Vidar og Jon spelar kort. Kanskje var det Amerikaner? Mor berre kikar i korta og ser på.

Puslespel tykte eg og var gøitt når eg vart eldre, og eg hugsar eit par juler eg mesta ikkje hadde tid til å vere med på noko anna før det store puslespelet var ferdig. Elles var det mange julehefte å lese i. Dei eg hugsar er Smørbukk, Tuss og Troll og ikkje minst Vangsgutane. Det var spesielt kjekt å lese om ting som foregikk nær oss og om dei snille Kåre og Steinar Vangen og den meir eller mindre rampete Larris.

På mange av gardane i nabolaget vart det bedt til skikkeleg storselskap i juletider, der mange av naboane vart inviterte. Og så var det juletrefestar i alle forsamlingshus og bedehus rundt om. Eg var fast gjest på høgskulen 2. juledag og i Folkets Hus. Det trur eg var 5. juledag. På juletrefestane var det einkvan som tala, vi laga fleire store ringar og gjekk rundt eit stort juletre som stod midt på golvet. Når det leid på kom det ein nisse, eller det kunne og vere to, i fullt utstyr og med pakkar som han hadde i ein sekk. Ofte var det og anna underhaldning. Song og musikk, opplesing av stilar m.m. Og alltid, fullt hus.

For ungdomen var det dansefestar. Heile jule- og nyttårshelga i alle forsamlingshus i området. Eg hugsar ei jul i min blå ungdom eg fekk med meg 8 slike festar. Starta i Folkets Hus 2. juledag, og avslutta i Myrvang 2. nyttårsdag. Der var det etter det eg hugsar også underhaldning, ikkje berre musikk og dans.

Eit orkester som spela mykje på dansefestar denne tida. Jon Sjøsæter, Lars Peder Sylte og Eistein Bæverfjord
Vi pyntar til nyttårsfesten. Det var AUL Daggry som kvart år hadde det i Folkets Hus for medlemmar og innbedne. Maren Heggset (Strand), Reidunn Melhus (Halle), Per Heggset, Odd Birger Bævre.
Nyttårsfest: Pyntinga er ferdig og vi er klar for litt dans. Vi ser m.a.frå venstre Olav Øye, Kjell Heggset, Kåre Brenden, så kan det vere Lars Sylte med ryggen til, så to ukjente, deretter er dei tre fremste Karstein Svendsli, Arnt Aarnes og Ivar Øye. Bak dei er Mikal Karlstad og Jon Einar Botten. Jentene fremst er Ann Rigmor Øye (Holten), Jorid Bævre, Reidunn Melhus (Halle) og Bjørg Øye i kvit jakke. Jentene sitt som vi ser bortover benken og ventar på å bli oppbytt til dans. Han i front trur eg kan vere Per Heggset.

Eg er glad for å kunne minnast julehelgene denne tida som veldig trivelege og sosiale, og enno den dag i dag er eg heilt skråsikker på at ingen kunne hatt finare julekveldar enn familien vår. Slik er det nok ikkje berre eg som tenkjer, og vi er så heldige vi som får med oss slike gode minne på vår veg gjennom livet. Trist er det da å tenke på alle dei som har hatt det, og som kjem til å få det, vondt og vanskeleg denne kvelden, både her i landet og ikkje minst der det er krig og ufred.

Eg sender varme tankar og ønsker alle ei fortsatt riktig god jul og eit godt nytt år 2023.

Innsendt av Reidunn Halle

Powered by Labrador CMS