Annonse
Gudsteneste - jau da!
Surnadal-sokna kunngjer messefall denne helga. Men gudsteneste blir det lell - i Åsskard!
Der borgar Torbjørn Brøske, konfirmantane, staben og soknerådet for gudstenesta denne søndagen. Sidan Ranes må avlyse, inviterer Åsskard altså alle interesserte til seg.
Dette er «Kristi kongedag», som avsluttar kyrkjeåret - før advent tek til med lokale lysmesser neste helg. Tekster og songar handlar om englar og Jesu storhet. Og preiketeksten seier at alt vi gjer mot kvarandre, det gjer vi mot nettopp Jesus.
Takkofferet går til kyrkjemusikalsk arbeid. Det er også nattverd. Samlinga i Åsskard på denne kongelege dagen blir som vanleg avslutta rundt kaffebordet i Kyrkjestua.
ANNONSE: