Stangvik kyrkje:

Presten talar over teksta « gi oss i dag vårt daglege brød»

Gudsteneste med hausttakkefest

Publisert Sist oppdatert

86 personar trossa regnveret og møtte til gudsteneste med hausttakkefest i Stangvik kyrkje søndag 18. september. Kyrkja var pynta med blomster og haustblad, og i midtgangen, i eit gamalt trau, var frukt og grønsaker, og brød og vatn. Solveig og Jon Arve Nes hadde ilag med Rannveig Brøske stått for pyntinga i kyrkja. Hausttakkefest i kyrkja er ein tradisjon frå 1800- talet.

Kyrkja pynta til hausttakkefest

Torbjørn Brøske preika over teksta «Gi oss i dag vårt daglege brød», og forteljinga om Jesus som metta 5000 med 5 brød og 2 fiskar! Han poengterte at det er nok mat for alle i verda i dag, men det er ikkje vilje til å dele så alle får! På slutten av preika fekk årets konfirmantar, som i dag vart presenterte, gleda med å dele ut brød og vatn, frukt og grønt til dei som sat i kyrkjebenkane, som symbolhandling på at maten i verda skal delast. Dette var den første diakonale oppgåva til konfirmantane.

Konfirmantane deler ut brød og vatn
Presentasjon av årets konfirmantar

50- årskonfirmantane var også inviterte til gudstenesta, og dei to som var oppmøtte, mimra ilag med presten korleis det var å bli konfirmert for 50 år sidan.

50-årskonfirmantane Helga Rødset og Bjarne Røen

Dåpsbarnet i dag heitte Isak Melkild, og han vart døpt i ein over 100 år gamal dåpskjole, der understakken var fullbrodert med dåpsnamn!

Klokkar i gudstenesta var Rannveig Brøske, som las tekster og var medhjelpar under dåpen og nattverden, og Haldis Witzø, Anne Ma Nyheim, Solveig og Jon Arve Nes baud på kyrkjekaffe, og Oddvar Væge stilte som kyrkjetenar.

Forsongargruppa stilte trufast opp, og styrka salmesongen!

Organist Bernt G Bøe, kom seg til kyrkja, trass i ras på Bøfjordvegen, og gledde oss med fint orgelspel, spesielt var det å høyre Den ukrainske nasjonalsongen under ofringa, og «Land of hope and Glory» (tema frå marsjen Pomp and Circumstance), som postludium, og organisten seier sjøl det var som «helsing frå Stangvik» dagen før dronning Elizabeth si gravferd!

Powered by Labrador CMS