Søndagens preike i Rindal kyrkje

- Kva har du gjort? Slik vart nok mang ein prat innleia på Menighetshuset i Rindal då 50-års-konfirmantane hadde sitt treff etter gudstenesta sundag. Dette vart også tema i preika, og de kan lesa den her.

Publisert

50-års-konfirmantar og dåp.

- Kva er det du har gjort?

Eg reknar med at spørsmålet vil koma jamnt i samlinga 50-års-konfirmantane skal ha på Menighetshuset etter gudstenesta.

Eit 50-års-jubileum er tid for å gjera opp status og – menneskeleg nok – fortelja og meddele dei store sigrane i livet, det de kan vera stolte av: Eg har hatt karriere slik og slik, eg har same ektefellen som eg alltid har hatt, eg har akkurat passe mange ungar som har skikka seg vel, eg har hus og hytte, og ikkje minst: Eg held på dialekta mi – du høyrer vel at eg pratar rindaling?!

Dei fleste har noko dei kan vera stolte av, gode ting dei kan sole seg i og bli beundra for.

- Kva er det du har gjort?

- Jau, no skal du høyre ….

Men kva om tonefallet endrar seg berre litt, til Kva har du gjort ? Slik talemåte assosierer me til sinte foreldre, skuffa born, fortvilte ektefellar. Det er ein irettesettelse som får oss til å føle oss både dumme og små.

Kva har du gjort? Ja, så sei det, då. Har du bulka bilen, har du drukke for mykje, har du vore for intim med nokon du absolutt korkje skulle ha kyssa eller gjort anna med, har du ødsla bort sparekontoen, har du …. Du verden, kor lang lista kan bli over ting me absolutt ikkje vil bli stilt til ansvar for, absolutt ikkje vil bli avslørt på, absolutt ikkje vil at skal bli til mat for folkesnakk og gapestokk.

Dess lengre me lever med oss sjølve og kvarandre, dess meir ser me kor mangslunge det kan vera å vera menneske. Alle har me noko me kan vera stolte over. Og alle har me vårt av skam – meir eller mindre med rette.

- Kva har du gjort? Ja, no skal du høyre ….

- Kva har du gjort? Uff, må me snakke om det no?

Nei, me må ikkje snakke om det no. Men me kan snakke om løysinga, om det som bokstaveleg talt kan løyse oss ifrå børa og tvangstrøya som skammen er, om Han som kan gjera oss fri frå gamal synd og sure nederlag.

Høyrt det før? Kan det gjentakast for ofte?

Dette at undergangskreftene må melde pass i møte med nåden ifrå himmelen. At lyset er sterkare enn mørkret. At livet er sterkare enn døden – sjølv om åra sig på oss med stadig større besvær for kropp, helse og psyke.

Det hadde balla på seg for dette kvinnemennesket Jesus møter ved brønnen midt på varmaste dagen, når alle anstendige menneske med ryktet i behald kan ha siesta, når denne skremte dama med det vonde ryktet kan snike seg avgarde for å hente vatn åleine, utanfor alle dei dømmande blikka.

Ho er åleine med Jesus der ved brønnen, og Jesus fortel henne kva ho har gjort. Alle kjente til denne historia om samlivsbrudd på samlivsbrudd, fem i talet.

Alle visste om denne kvinna – men få snakka nok om mennene som hadde forbrutt seg immot henne eller utnytta henne.

Jesus fortel henne korleis det står til – han fortel henne kva ho har gjort, fordi han kjenner historia hennar frå før. For alt eg veit, har han alt kjent på kroppen korleis det svir når han skal gjera opp for syndene hennar – hennar også.

- Kva har du gjort? Jau, no skal du høyre, dette er svert …

- Kva har du gjort? Huff, må me snakke om det no? Er du verkeleg så sint, er du verkeleg så skuffa, eg er så fortvila over meg - .

Og så er det ein tredje måte å spørja på – me kan gjerne spørja oppover sjølv om all barnelærdom seier oss at dette visste me ifrå før: Kva har du gjort?

Eg har gått i døden for deg. Mi grav vart til ditt døypevatn slik at du skal kunne leva og blomstre i mi nærheit, i mi nåde og min kjærleik – frå no og til evigheita.

Dette har Jesus gjort. Dette er livet han kallar oss til å leva – om me er dåpsborn eller femtiårskonfirmantar, små og eller store, truande eller truande til litt av kvart: I Jesu kjærleik der nåden alltid er ny, raus og stor nok til å romme alt me har både av stoltheit og skam, glede og skadefryd, tilfredsheit og bekymring.

Når Jesus byr på seg sjølv, byr han oss samtidig friheit. Me treng ikkje lengre streve etter å vera finast og best og fortelja i det vide og breide om kva me har gjort – det er ikkje lengre viktig å vera stor eller agere audmjuk.

Me treng heller ikkje å møast med børa av skam og kjensla av å vera liten og ikkje god nok.

Ren og rettferdig, himmelen verdig – er ikkje det bra nok, så veit ikkje eg.

Preiketeksta:

27 I det samme kom disiplene hans, og de undret seg over at han snakket med en kvinne. Men ingen av dem spurte hva han ville eller hvorfor han snakket med henne. 28 Kvinnen lot nå vannkrukken sin stå og gikk inn i byen og sa til folk: 29 «Kom og se en mann som har fortalt meg alt det jeg har gjort! Han skulle vel ikke være Messias?» 30 Da dro de ut av byen og kom til ham.

39 Mange av samaritanene fra denne byen kom til tro på Jesus på grunn av kvinnens ord da hun vitnet: «Han har fortalt meg alt det jeg har gjort.» 40 Nå kom de til ham og ba ham bli hos dem, og han ble der to dager. 41 Mange flere kom til tro da de fikk høre hans eget ord, 42 og de sa til kvinnen: «Nå tror vi ikke lenger bare på grunn av det du sa. Vi har selv hørt ham, og vi vet at han virkelig er verdens frelser.» 43 Da de to dagene var gått, dro Jesus videre derfra til Galilea.

Joh 4,27-30.39-43

Powered by Labrador CMS