Ein glad og sprek gjeng på tur ned frå toppen

Tysdagens fjellgruppetur til Syltnebba

Publisert

Vi starta turen frå Alpinsenteret til Syltnebba. Utruleg bratt var det opp både grusvegen og stien opp til toppen. Det har med åra blitt både brattare og lengre, merkeleg!?...

Frå grusvegen over på sti

Men humøret og innsatsen var på topp, og alle 27 kom opp på Syltnebbas topp 667 moh. Fantastisk utsyn rundt i 360 grader, hadde vi og i klårveret, Så vakkert med alle fjella rundt om, bygda og fjorden!

Oppå Syltnebba med godt utsyn over bygda
God utsikt mot vest og over Surnadalsfjorden
Fin utsikt til fjella i sør
Flott utsikt mot fjella i søraust
I le bak toppvarden 667 moh

Ja, mest alle kunne og sjå heim! Så fint at Svein Tjelle guida oss ned ein annan veg enn den vi gjekk opp! Fint med variasjon, og stien var lett og fin å gå ned på nordsida av Syltnebba. 

Ned att på nordsida av Syltnebba
Fin og god sti på nedturen

Vi gjekk forbi Setersetra og deretter etter Gjertrudstien som enda eit godt stykke oppe i alpinbakken. Bra for oss at vi slapp å bruke slalomski for å kome ned!.

Siste etappe går ned alpinbakken

Vi hadde flaks med at dette vart den siste godversdagen på ei stund, og er takksame for enda ein tur sanman i triveleg lag.

ANNONSE:

Neste fjellgruppetur, tysdag 11. juni, går til Ranessetra, om Salen, den såkalla "Trekantturen".

Som vanleg, møtest vi på parkeringsplassen nedafor Øye kyrkje kl 10.00. 

Vi køyrer opp etter "Frusterte fruers veg" i Skeismarka. 

Powered by Labrador CMS