Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag

Mann med stokk står ved en liten varde og ser utover landskapet med fjell
Utsikt til Arasvikfjorden

Fjellgruppas tur til Møkkelfjellet

Publisert Sist oppdatert

Tirsdag 12. september dro fjellgruppa på tur til Møkkelfjellet. Vi starta fjellturen frå Fjærli i Valsøyfjorden. Først på ein sti opp gjennom ein tett skog. Deretter på ein god skogsveg som førte oss heilt fram til Fjærlisætervatnet. Der ved Fjærlihytta tok vi vår første matpause i sola.

Turen gjekk så vidare på ein sti med behageleg stigning oppetter fjellsida. Det siste stykket opp til toppvarden var skikkeleg bratt, men heldigvis ikkje langt!

Frå Møkkelfjellets topp, 633 moh, fekk vi det flotte og vide utsynet i alle himmelretningar med fjell, vatn, fjordar og øyer! Såg faktisk heilt til Hitra!

Det vart og ein god og lang kvil med matpause ved toppvarden. Og enno ein gong var vi heldig med veret, ja griseflaks! Opphald og mykje sol på heile turen. Og på bilturen heim kom regnet.

Vi alle nitten tykte vi fekk ein overlag fin fjelltur.

Neste tur vert kunngjort seinare.

Mennesker og en hund på en skogsvei
På skogsveg etter sti opp skogen
Mennesker ved bygninger og vann
Ved Fjærlisætervatnet
Steiner på fjellet. Fjord og fjell.
Arasvikfjorden og Valsøyfjorden bak vakre haustfarger
Mann og hund på fjellet
Heldig hund som får vere med på fjelltur
Gjeng på fjellet.
Utsikt mot Botnavatnet og Reinslivatna
Person står ved en varde
Flott utsikt mot Reinslivatna og fjella bak
Dame står bak en ganske stor stein
I naturens preikestol
Mennesker og en hund foran en varde.
Nitten tobeinte og ein firebeint på Møkkelfjellets topp 633 moh.
Powered by Labrador CMS