Pensjonistforbundet Surnadal

Ei stor gruppe turgåere oppstilt for fotografering i marka.
Alle 25 samla ved gapahuken ved idylliske Skaudalsvatnet

Fjellgruppa til Karihaugen

Publisert Sist oppdatert

Tysdag tok Fjellgruppa ferga over Stangvikfjorden til nabokommunen og Ålvundeidet. Vi parkerte bilane ved Leikvoll stadion, kryssa vegen i fotgjengarundergangen og følgde grusvegar og lysløypa til vi kom til ein sti som gjekk opp gjennom granskogen. Den ende opp i Bråttavegen som går vidare innover dalen, forbi Skaudalsvatnet og fram til mastene for fjordspennet til dei to kraftlinene som kryssar Sunndalsfjorden. I det vegen svingar ned til mastene gjekk det tå ein kort sti opp til Kariahugen. Etter inntak av niste og beundring av utsikta over fjord, dalar og fjell følge vi vegen ned til Litlbråtten og bilane. 

God sommar og velkomne til nye turar etter ferien! Første turen går til Innerdalen 5. august. Komplett liste over turane etter ferien kjem seinare.

-

Ei gruppe turgåere på rekke og rad på en sti.
Start på turen frå Leikvoll.
Ei gruppe turgåere på rekke og rad oppover en sti i skogen.
Bratt sti opp gjennom frodig skog.
Ei gruppe turgåere som har tatt en pause på en grusvei.
God pause. Her vi er kome opp på grusveg.
Et vann i marka.
Langs bikkstille Skaudalsvatnet.
Noen turgåere som har satt seg ned på noen steiner og nyter utsikt over fjord og fjell.
På Karihaugen 487 moh., med god matpause.
En eldre mann i turklær, og med gåstaver, på fjellet.
Gudmund, god læremeister i natur.
Ei dame med hatt, som står over ser på utsikt over fjord og fjell.
Utsyn over Sunndalsøra, med fjorden og mektige fjell rundt.
En turkledd mann med gåstaver på fjellet.
Sunndalsfjorden, Flåøya og Tingvollfjorden bak Karihaugen.
Powered by Labrador CMS