Bondeopprøret 2021:

Tor Olav Hanset, Ingeborg Rindalsholt og Jenny Klinge ved Stortinget.

Jenny Klinge: – Håpar at fleire som sit på Stortinget vil kjempe for betre vilkår for norsk matproduksjon

Rindalingen Ingeborg Rindalsholt og kjærasten Tor Olav Hanset begynte søndag turen med traktor heilt frå Vistdal til Oslo. Der var det ei stor markering for landbruket på tysdag, og dei ville gjerne møte stortingsrepresentantar frå fylket. Jenny Klinge frå Surnadal var av dei som tok turen ut til dei for ein prat om temaet.

Publisert Sist oppdatert

– Bøndene fortener meir for den livsviktige innsatsen dei gjer for oss alle når dei produserer mat. Eg forstår at dei har brote forhandlingane med regjeringa, for no trengst det eit ordentleg løft for å sikre bøndene ei inntektsutvikling som skapar optimisme, seier Klinge.

– Dersom vi ikkje opprettheld husdyrhaldet i heile landet vårt, vil verdifull dyrka mark og beitemark gro raskt att.

Klinge tykte at markeringa framfor Stortinget på tysdag var veldig fin. Ikkje minst viste den tydelig at bøndene har lyst til å fortsette å produsere mat for oss alle, men at dei må få vilkår til å gjera det både no og i framtida.

– Eg blir alltid glad når ungdommar vil satse på å drive gard, men for at fleire skal tørre dette, må innsatsen til bøndene bli betre verdsett i kroner og øre. Det er ingen tvil om at det er eit for høgt inntektsgap mellom bøndene og andre grupper i samfunnet, slår stortingsrepresentanten frå Senterpartiet fast.

Ho tykte det var kjekt å høyre Ingeborg og Tor Olav fortelle at det hadde stått mange og heia dei fram langs vegen mellom Møre og Romsdal og Oslo.

Bondeorganisasjonane har brote forhandlingane med staten, derfor kjem saka til behandling i Stortinget.

– Eg håpar den fine markeringa med traktorar og bønder framfor Stortinget bidrog til at fleire som sit på Stortinget vil kjempe for betre vilkår for norsk matproduksjon framover, seier Klinge.

Ingeborg Rindalsholt og Tor Olav Hanset ved Stortinget.
Powered by Labrador CMS