Åsskard helselag, fylkeslaget og skulesjefen besøkte Bæverfjord skule.

Det var mykje hoppegelede i gymsalen i Bæverfjord i dag. Liv aurora klarte meir enn 50 hopp på rad.

Hopp for hjartet

-småhøgtidleg opning av hoppetaukonkurransen

Publisert Sist oppdatert

Frå 2. til 12. mai går den årlege hoppetaukonkurransen i regi Nasjonalforeninga for folkehelsa av stabelen. Kvart år brukar elevane ved Bæverfjord skule å delta, gjerne påmint av lokallaget Åsskard helselag, som er ivrige pådrivarar.

Akkurat i år vart det litt ekstra høgtidleg opning av konkurransen, da skulen var valt ut til å få besøk frå fylkeslaget på opningsdagen. Det tykte vi var veldig stas. Fylkesleiar Ingunn Øye fortalte om arbeidet til nasjonalforeninga, og om kor viktig det er med fysisk aktivitet og sunn mat for å ha god helse. Ho snakka og om at helse ikkje berre handlar om kroppen, men at det er viktig å ha det bra, trivast og vere greie med kvarandre. Ho håpa at hoppinga ikkje berre var bra for den fysiske helsa, men at det vart artig leik av det også. Ho hdde med seg vara i fylkeslaget Elin Sandshamn frå Aure. Begge fekk svinga tau i lag med elevane.

Ingunn Øye fortel om hoppetaukonkurransen og om Nasjonalforeninga for folkehelsen.

Konkurranse går ut på å hoppe mest muleg tau, og får registrert tida ein brukar på det. Når ein ei viss tid totalt i klassen, er ein med på trekning av flotte premiar, både på nasjonalt- og fylkesnvivå. Skulane får tilsendt plakatar for poengregistrering, og mange raude hoppetau. Så dette er spennande. Attåt sjølve konkurransen har nasjonalforeninga laga til eit ganske omfattande opplegg med mange gode ideer til korleis fysisk aktivitet kan integrerast i undervisninga, både med og utan hoppetau. Det er og kvissar ein kan få poeng for, og ikkje minst, ein veldig kjekk hoppetaudans. Denne hadde elevar og lærarar øvd litt på på førehand, så den vart dansa aller først under markeringa i dag.

I tillegg kom kommunalsjefen for oppvekst, Astrid Mogstad Høyvik, og hadde den offisielle opninga av konkurransen. Ho ønskte lykke til, og fekk vere med å slenge tau etterpå.

Astrid erklærer konkurransen fior opna og ønskjer lykke til.
Astrid og Elin slenger tauet medan Tuva hoppar.

Frå Åsskard helselag stilte leiar Jane Svendsli og styremedlem Svanhild Bævre. Dei kom med to store fat med oppskore frukt som elevane fekk kose seg med etter ei god økt med hopping i gymsalen. Helselaget er ei aktiv forening. 14. mai skal dei ha basar på skulen. Helselaget og skulen har eit godt samarbeid, og det er ikkje første gong dei har gjort noko for å skape ekstra trivsel på skulen.

Svanhild Bævre, Ingunn Øye, Jane Svendsli og Elin Sandshamn gjorde stas på elevane i Bæverfjord.
Fruktfata var populære, Lærar Bodil deler ut til jentene på 2. trinn. Tuva, Ingeborg, Mia og Marianne koser seg.
Liv Aurora, Patrick, Tiril, Alvilde, Guro og Agnes var begeistra for det varierte utvalet av frukt.
Jim, Syver, Levion, Varg og Sindre tykte det var heilt greitt med ekstra frukt.
Powered by Labrador CMS