Annonse
Annonse
Dialekt og uttrykk i krisetider
Indre Nordmøre Senioruniversitet inviterer til møte i kinosalen på Surnadal Kulturhus onsdag 30.11.22 kl. 12.00 med Tor Erik Jenstad med tema "Dialektord og uttrykk i krisetider."
For nokre år sidan trollbatt Tor Erik oss i eit djupdykk i nordmørske ukvemsord.
No til dags, og gjerne fleire gonger om dagen, møter vi begrepet kriser, kanskje kjenner vi ei eller fleire av dei på kroppen også. Tor Erik er blitt utfordra til å drodle rundt dialektord og uttrykk.
Språkforskaren, ordbokredaktøren, med ein doktorgrad i musikk, har teke imot utfordringa. Sjølvsagt har han med trekkspelet og vil bruke det til å krydre drodlinga med.
Slik vi kjenner formidlaren Tor Erik, har vi verkeleg noko å sjå fram til.
Billettar:
Medlemmar kr 100 – andre kr 200 - inkluderer også kaffe med noko attåt
Vel møtt