ANNONSE:

Blomstrende krokus

Songfest på Eidet bedehus

Tradisjonen tru – det blir vårsongkveld på Eidet bedehus i år også, fredag 26.april kl. 18.00 (merk tida). Kveldens gjestar er Aure Misjonskor og Svein Volle.

Det kjem ca 20 songarar frå Aure, og dei vil bidra både med song, musikk og helsingar, medan Svein Volle står for solosongen.

Det blir servert kveldsmat, og ein får høve til å gje ei misjonsgåve .

Det improviserte, men tradisjonsrike mannskoret (der alle menn deltek) skal sjølvsagt også få sleppe til.

Misjonssambandet ønskjer alle hjarteleg velkomne til ein triveleg vårsongkveld på Eidet bedehus.

Powered by Labrador CMS