Solveig Vetleseter Bøe og Erik Rosenius

Rotnorsk og internasjonalt i Åsskard Kyrkje

Publisert

To songarar av internasjonalt format gjorde sommarkonserten i Åsskard kyrkje fredag til ei stor oppleving. Sigrid Vetleseter Bøe, sopran, og Erik Rosenius, bass, fylte kyrkja med dei herlegaste tonar i alt frå stor opera til det Erik annonserte som hans «frikyrkliga» favoritt, frå Bellini til Einar Ekberg. Og det heile innramma av musikalsk kyrkjehistorie, som rimeleg kan vere ved olsok. Ei korgruppe frå Prosjekt 17 framførde tonar heilt frå tidleg mellomalder og til nordmørske folketonar. Vi kjende litt av dåmen frå Orknøyane på 1100-talet. Takk til Bernt Bøe som innsiktsfullt set opp eit program som gjer at vi lærer noko om den store samanhengen vi står i. Herleg også å kunne synge med på dei gamle salmetonane! Rotnorsk og internasjonalt!

Sigrid Vetleseter Bøe kan nok snart fylle store Wagnerroller med sin praktfulle sopran. Men så gir ho også nydeleg beherska bel canto («vakker song») i Bellinis kanskje mest kjende arie. Vi fekk altså Casta Diva i Åsskard Kyrkje ein vakker sommarkveld! Og rett etterpå over til elegant Mozart, duett frå Tryllefløyten saman med Erik. Ho fekk også med seg ei anna søster, Maria Vetleseter Bøe, vakker alt, med Erik i melodistemma, ein trio i Griegs Den store hvite flokk. Treng ein seie noko meir?

Erik Rosenius viste først stor songkunst i tre songar frå Vaughan Williams Songs of Travel. Og han avslutta med Show Boat: Ol´ man river. Ord blir fattige, ein får vel aldri nok av denne eksepsjonelt varme og berande bassrøysta!

Har eg nemnt Hedda Hansen Berg sitt pianoakkompagnement? Ikkje det? Då er det på tide å framheve den uvanleg sterke musikalske jobben ho gjer heile tida!

«Samma Gud ennu» song Erik frå Einar Ekbergs Amerikarepertoar. Det kan vere passande ord om heile konserten. Frå tidlegaste tider til no har songen og musikken tala om Gud og fylgt kristne på vandringa.

Så då solistparet etter oppfordring slutta av med «Sommarpsalm», kunne det ikkje betre bli!

Svein Volle

Alle deltakarar
Powered by Labrador CMS