Surnadal Sanitetsforening:

Jorunn Fiske frå El-co AS, Siri Vullum og Elinor Bolme frå Surnadal Sanitetsforening

100 tusen takk til Svorka

Publisert Sist oppdatert

Surnadal sanitetsforening ønsker å rette 100 TUSEN TAKK til Svorka sine ansatte som i desse dagar er førjulsnissar og deler ut 1000 kroner kvar til ein frivillig organisasjon i nedslagsfeltet sitt.

Denne veka har vi vore så heldige å ha fått 3000 kroner av dette som vi allerede har bestemt kva skal brukast til. I dag var nemleg sanitetsforeningas nissedamer på julegåveinnkjøp etter ein henvendelse frå NAV Surnadal. Dei ser behov både for familiar og einslege som ikkje har midlar til dette sjølv. Her vart det innkjøp av både smått og stort, nyttig og litt godt til å kose seg med i julehøgtida som kjem. I tillegg vil mottakarane også få heimestrikka ulllestar og julegaver som har vore innsamla tidlegare no i november.

Vi takkar nok ein gong for bidraget som er ei ære å få og ikkje minst ei glede å kunne glede nokon med i lokalmiljøet vårt.

Vi ønsker alle ei fin førjulstid!

Britt May Hollås avbilda med dei øvrige sjekkane frå Ellbjørg H Larsen og Marit Klungen
Gåveposer som NAV får til utdeling etter helga.
Powered by Labrador CMS